Vil berre peike på denne serien, som faktisk er veldig interessant og gjev eit godt innblikk i festemåtar i ulike miljø. Viser også veldig tydelege forskjellar på kristen levemåte og meir...tja..."sekulære" måtar å leve/feste på. Eg meiner...det er verkeleg interessant. For dersom dette er eit representativt utdrag frå festekulturen rundt om i Noreg, så må ein jo spørje kva som er dei alternative fellesarenaar/kulturar/miljø etc. for dei som ikkje er kristne. Vel, når eg ser ein serie som dette, er eg glad eg er kristen.
Og eg blir glad kristendomen eksisterer i vesten. Eg meiner, eg tenkte på det då vi øvde til pasjonsspelet. Eg spela Jesus i møte med Pilatus. Og eg tenkte på...hm...her driv vi - ein gjeng med ungdomar frå dei indre bygder i Telemark - og øver inn eit skodespel med djupt jødisk-kristent tankegods. Og dei fleste skodespelarane tenkte ikkje noko særleg over det, ein gong. Det har nærast blitt "second nature" for dei, det å tenke og leve innanfor kristne rammer. Vi kunne vore pur heidenske, liksom, dersom ikkje galilearen hadde erobra verda.
Legg merke til samtalane og samhandlinga i dei ulike festane. Det er ein viss desperasjon over det (unnateke i den kristne festen), for å "echo"-e John Milbank. Så festane nedanfor er altså eit uttrykk for det stranda moderne prosjekt, på sett og vis. Eller i ei meir positiv vurdering kan ein seie at det er eit ganske forkvakla uttrykk for lengslar etter eit ekte og godt menneskeliv og ekte og godt fellesskap. Men det vert (arguably) ikkje tilbode i liberal-sekulær kultur.
No comments:
Post a Comment