Sunday, January 29, 2012

Spoilers, spoilers and (did I mention?) spoilers.

Så har eg sett Tree of Life. Eg undrast på om det er den beste filmen eg nokon gong har sett. Eg trur det. Terrence Malick er heilt utruleg som regissør, tykkjer eg. Terningkast 6,5, tykkjer eg. Har du ikkje sett filmen, bør du kanskje ikkje lese det fylgjande, og heller ikkje sjå traileren, men heller springe å sjå filmen. Men pass på; dette er ikkje ein film som alle andre. Det er ein film som freistar å tale til deg på fleire ulike plan, eit kunstverk som får deg til å tenke og føle. Det er ein film som krev merksam sjåing, litt som Kubricks filmar. Og kunnskap om Bibelen er heilt nødvendig for å i det heile teke forstå kva det dreier seg om. Filmen er ein slags visjon, ei slags tolking, av ei bibelsk røyndomsforståing. Men ja, nedanfor fylgjer litt tankar.




- Det er ei svært vakker - og tankevekkande - skildring av skaparverket. Sveipande bilete frå overraskande vinklar, med overraskande detaljar etc. Nokre tykkjer filmen er "pretensiøst vås". Eg tenker nok at ei slik vurdering av filmen...hm...nok ofte reflekterer ei slags "flat" og "lukka" grunnforståing av livet. Den som i staden bles i moderne materialisme og scientisme, og let filmen ta ein dit han fører ein, liksom ei bylgje, vil nok ha ei anna oppleving av filmen, mistenker eg. "Den som har øyre, han høyre", så å seie. Eller som Auden seier:

"The miracle is the only thing that happens, but to you it will not be apparent,
Until all events have been studied and nothing happens that you cannot explain;
And life is the destiny you are bound to refuse until you have consented to die."
- Det er ein film som freistar å vekke oss opp til "the wonder" i skaparverket, slik også Gud gjorde med Job. Som R. Bell reflekterte over i SexGod; er det ikkje litt rart at vi bur i syntetiske heimar, så å seie, pustar airconditioned luft, ikkje er i kontakt med husdyra som produserer maten vår, eller materiala som står bak møblane våre, ikkje kjenner jord i fingrane våre, ikkje ser på ein stjerneklar himmel i meir enn 3 sekund av gangen etc. etc. (etc.)? Kva gjer DET med oss? Og kva gjer det med vår forståing av Gud som oppretthaldar av skaparverket?

- Det er ein film som viser den nær perfekte hustru(?) Ho er verkeleg...god, altså. Trufast, snill, vakker (dvs. ho blir ekstra vakker av måten ho er og handlar på), sjølvoppofrande, from, gudfryktig, pliktoppfyllande, støttande, med omsorg for born og ektemann. Ho er Job personifisert, kan ein kanskje seie. Ho er GRACE.

- Og ein ektemann som på mange måtar er god; han har eit sterkt ynskje om å gje borna ei god oppseding, han seier at han er glad i dei, han ynskjer å lære dei gode manerar, han er trufast mot familien, arbeider hardt mykje for deira skuld, tek seg av praktisk arbeid, ynskjer å gje dei eit godt utgangspunkt for livet. Men noko går veldig gale. Han ber på ein dårleg bagasje, han har urealistiske forventningar til seg sjølv og eit feilslått mål for livet, om "vere noko", om å kjenne seg verdifull på grunn av store og ærefulle prestasjonar. "He buckles under the pressure of the American dream." Og det er hans store tragedie, som skaper store skader både for han og dei rundt han. Han er NATURE.

Det er som T. Keller har peika på; ein må leve for eitt eller anna, ein kan ikkje unngå det. Ein må søkje eitt eller anna for å få ei oppleving av at livet som ein lever faktisk har verdi, betyr noko. Det gjeld å leve for noko sunt og rett (d. e. Gud). For som Hart seier, dersom ein ikkje tener Gud, vil ein uvegerleg tene andre gudar, og Certain gods demand to be fed. Det er altså ein film som polemiserer mot det moderne karrierelivet i "kalde" byar av stål og asfalt, prega av kalde relasjonar. Malick har langt meir sans for natur, born, familie, relasjonar, ekteskap - enn industri, karrierejag, økonomisk vekst, urban kultur, singelliv, kalde relasjonar. Det er ikkje i sistnemnde tilfredsstillinga er å finne, synest han å seie. Altså: Ein djup kritikk av moderniteten, som så å seie "kveler" livet; det er fornuft lausrive frå trua, eller forsøk på å guddomeleggjere mennesket utan Gud, noko som er dømt til å mislukkast.


Ja, dette screenshotet er verkeleg ironisk. Malick gjev ein djup kritikk av moderne livsstil (sjå klyppet her), og kva dukkar opp som reklame? Jo, nettopp ei promotering av denne livsstilen. Hehe. 

- Det er ein svært sensitiv analyse, så å seie, av familierelasjonar. Korleis familiemedlemene pregar kvarandre, på godt og vondt. Og korleis ein rivast mellom ulike impulsar, lyster, haldningar, ynskje etc. som oppveksande barn. Ein rivast mellom (foreldra som kroppsleggjer:) NATURE og GRACE, eller snarare mellom "UNBRIDLED NATURE" (faren) og NATURE PERFECTED BY GRACE (faren som blir "perfected" av kona). Det er verkeleg djubder her. Når foreldra er i konflikt, på grunn av farens Unbridled nature, blir også borna "ruptured", "disconnected", "disintegrated". Men når mor og far er i harmoni, elskar kvarandre og respekterer kvarandre, blir borna eit levande døme på "perfected nature", dei får harmoni, blir gode, og får ein integrert personlegdom, nettopp fordi dei overtek "naturen" dei får av foreldra. U c? Og naturlegvis passar dette godt med det som klassisk kristendom alltid har fasthalde, nemleg at mann og kvinne er skapt i Guds bilete, og at dei reflekterer gudsbiletet når dei fastheld sine kjønn og kjønnsroller, sameinast til eitt i unionen av forskjellane.

Det er generelt sett den mest autentiske skildringa av barndom eg nokon gong har sett på film. Samstundes er det ein slags post-factum analyse av barndomen; som ein som reflekterer over fortida og kvifor ting gjekk som dei gjekk. Eg kjenner meg veldig att i det. Korleis eg...knuste ein kamerats klokke på barneskulen, var med på å stjele brus frå det lokale skyttarlaget, freista å lure pengar frå ei gamal dame i Vrådal. Alt saman førte meg opp i trøbbel. Men ein tenker ikkje alltid klart som barn. Dersom eg nokon gong får meg born, skal eg ta ein skikkeleg og ærleg prat med dei om slikt ein gong, trur eg.


- Det er ei skikkeleg motvekt mot Sam Mendes' framstilling av "the suburban hell". (Er det ikkje rart å tenke på at Mendes sjølv, og skodespelarane han brukar, og for øvrig ein stor andel av skodespelarane i Hollywood, ikkje ser ut til å takle verken stabile relasjonar eller familieliv? Eg tenkte på det då eg såg "The Holiday" for ein del veker sidan; ein film om brotne relasjonar, utruskap, lengselen etter lukke og sjølvrealisering etc. Eg tenkte: Dette er jo som ein god - om enn litt tragisk - sosialkommentar over skodespelarane sjølve. Hollywoodkulturen er ofte elles eit narrespel som ikkje er i kontakt med røyndomen. Filmane kan framstille skodespelarane som veldig vellukka, men når ein les om dei på wikipedia, ser ein at mange av dei verkeleg slit i liva. Dvs. dei har store karrierer, men ikkje så altfor mykje anna utanom.) Så ja, eg likar verkeleg Mendes' filmar, eg. Dei er godt laga, tankevekkande, og det er mykje å ta med seg. Men dei har ofte ein annan idologi til grunn, d. e. ein liberalistisk sjølvrealiseringsideologi, medan Malick ligg langt nærare ein katolsk naturrettsfilosofi.

- Det er ein film som stimulerer til å tenke over...kva gjer det eigentleg med oss at Gud heldt oppe i skaparverket i (minst) 14 milliardar år før du og eg evolverte? Korleis påverkar det vår tenking om Gud? C. Hitchens brukar dette som eit argument mot tru på Gud; han venta sååååå lenge med å skape oss, liksom. Kvifor ikkje før? Jajaja. Hm. Kvifor ikkje før? Vel...kanskje fordi evolusjon tek så lang tid, eller kva? For øvrig er det eit interessant poeng at naturvitskapen faktisk kontinuerleg fyller inn kunnskap, ikkje berre om naturen etc., men også om Gud sjølv. "Expect surprises", som ein religionsfilosof sa, som drøfta forholdet mellom teologi og naturvitskap.

- Det er ein film som viser at Gud er...hm...større enn oss, meir uforståeleg enn vi tenker. Vi må tilpasse oss han i staden for å tru at han skal tilpasse seg oss. Guds vegar er uransakelege. Det er Job-moralen som ligg til grunn her. Filmen viser korleis menneske stiller spørsmål, reflekterer, ynskjer svar. Men svara vert ofte ikkje gjeve; livet er fullt av motseeiingar og gåter. Ein må halde fast ved "virtue and love", elske, vise nåde og tilgje. Filmen hevdar at den som gjer dette, vil få ein god ende. Godleik og omsorg for den svake er rett, ikkje å olboge seg fram i verda. Det er dette som (potensielt sett) skiljer menneske frå dyra; at dei har evne til rasjonell empati, og til fri vilje. Ikkje så å forstå at vi er skapt på ein grunnleggjande annan måte enn dyra; vi er også "nefesj", liksom dyra er "nefesj", vi er også evolvert liksom dei. Men vi har verkeleg evolvert, i ordets rette forstand, og Gud har gjeve mennesket ein særleg posisjon, ein særleg status i skaparverket. Og menneskets natur kan perfeksjonerast ved nåde.

- Samstundes freistar filmen å fortelje at det er den framtidige oppstoda som så å seie får livet vårt her og no til å "falle på plass". Nett som i NT. Samstundes legg filmen sterk vekt på at livet er styrt av "providence"; det er dette som er "moralen" Job må underordne seg, og som han også erkjenner i slutten av boka. Guds vegar er høgare enn våre. Berre den som held ut i kjærleik og godleik i trass av denne tidsalderens "flokar", vil kunne sjå "andlet til andlet", og ikkje lenger som "i eit spegl, i ei gåte." Altså: Ein må fornekte seg sjølv å begjære kunnskapens tre, og få vite om godt og ondt. Vi er ikkje Gud. Vi må underordne oss Guds allmakt og allvitenhet for verkeleg å gripe livet, for verkeleg å ete av livsens tre. Dette inneber å leve slik at ein sameiner NATURE og GRACE, slik som Gud openberrer det for oss.

- Det er ein film med så veldig vakker musikk, veldig. Her er Requiem-messe, Brahms og Mahler. Og masse anna vakker musikk eg aldri har høyrt før. Sjekk ein link her. Som det har vorte sagt: "There is the music of Bach, therefore there must be a God". Også her understrekar Malick, trur eg, at musikken (som faren spelar) på sett og vis er nær Guds hjarta, og nær livet, medan moderne industri (som faren driv med, i trass av sine eigentlege naturgåver) moglegvis framandgjer oss meir frå kva livet eigentleg dreier seg om. Den mest sentrale songen er "funeral canticle" av John Tavener; ein tittel som spelar på ein sentral tematikk i filmen. Kan høyrast her, særleg frå og med 02:21.



Ja, dersom du ikkje forstod noko av det eg skreiv her, så kan du sjå her:



Ja, forresten. Visste du at Malick studerte filosofi på Harvard, var seinare forskar i Oxford, gav ut ei omsetjing av ei bok av Heidegger, og reiste seinare attende til USA og underviste i filosofi på MIT?? Jaja, sånn er det. Han er ein tenkande type.

Saturday, January 28, 2012

Eit viktig innspel

Ad debatten om forholdet mellom samfunn og religion, som eg no har blanda meg bittelitt inn i på VD, så viser eg til denne veldig interessante kronikken om korleis det oppfattast å vere konservativ muslim i Noreg for tida. Veldig interessant, og jamvel om ein kan diskutere kor sakssvarande argumenta her er, så er det veldig lurt å ta hennar oppfatningar på alvor.

Altså, her.




Så skal du få eit veldig interessant sitat. Dette er frå den siste sida i Fesers bok om Locke. Ok, here goes nothing:

"Locke wants to have his natural law cake and eat it too, but this is impossible. Those who seek to appropriate Locke's legacy today must decide which part of it they value most, for they cannot coherently have it all. One must either endorse Locke's revisionist metaphysics - his rejection of objective essences in nature, his mechanism, his reductionist accounts of personal identity and free will, and so forth - and abandon the traditional moral and metaphysical elements of his philosophy, and thus anything that could plausibly be regarded as natural law; or, if one wants to maintain these conservative elements, one must reject the revisionist metaphysics, and also anything distinctively liberal. One must either be a radical or a reactionary. It is no longer possible (if it ever was) to be a Lockean."

Hmmmmmmmmmmmmmmmmm.


Yeah, denne var så bra at eg ikkje kunne la han gå forbi meg :D

Elles, ja. Laurdagen går med til lesing og skriving heile dagen. Eg ser for meg at er på oljeplattform, og jobbar full turnus, på ein måte, så går det greitt. Når eg kjem attende til Oslo, kan eg finne på meir gøy att. Men kanskje det blir ein film i kveld, då, vi får sjå.

Thursday, January 26, 2012

Etc

Kjære godtfolk, her fylgjer litt oppdatering frå Hallvards liv.

I går var Atle og Annlaug og ein hyggeleg kar frå USA på besøk til Andreas, og eg var der og Hans Olav, og Atle viste bilete og fortalte frå sin roadtrip i USA. Han var på tur der omtrent på same staden som vi har eit ynskje om å reise. Så ja, kysten mellom SF og LA er veldig vakker, Death Valley er spektakulært landskap, og det er også Grand Canyon. Vegas var visst langt meir spennande enn eg hadde trudd, og så var det mange stader ein kunne gå på tur og sjå på store sequoia-tre. Dette verkar altså veldig spennande.

Så fekk eg spela litt Halo også, naturlegvis, så eg fekk meg eit skot. ...... :) Elskar å spele det spelet, men det må vere i små dosar. Livet er viktigare.

Eg har byrja på Fesers bok om Locke, som er veldig spennande og veldig lærerik. Locke er kanskje den aller mest sentrale filosofen for å forstå politikk og samfunnsmoral i moderne tid. To understand Locke is to understand ourselves, som Feser seier. Han legg då stor vekt på å forklare den tydelege samanhengen mellom Lockes syn på epistemologi, idear, vitskap, mekanistisk røyndomsforståing, religionsfilosofi etc. pdes. og så hans ideal for samfunnets moral og ordning pdas. Altså svært spennande og opplysande, må eg seie. Og det hjelper meg eit godt stykke på vegen i min quest for å forstå kva argument som kan/bør brukast i den politiske og offentlege debatten.

Eg fann bilen min nedsnødd på Notodden, der eg parkerte han for to veker sidan. Det var veldig glatt på vegen mellom Notodden og Seljord. Faktisk så glatt at eg snurra rundt 180 grader i ein sving(!) Eg mista grepet i venstresvingen, og var på veg mot autovernet, så eg måtte kompensere ved å svinge hardare mot venstre medan eg bremsa ned, men så fekk han ein dreis mot venstre, så han snurra heilt rundt, og mosa inn i snofonna på andre sida av vegen, med bilen i rett retning i den andre køyrefila. Eg stoppa, gjekk ut av bilen, såg kor djupt inn i fonna bilen stod. Sette meg inn att, svinga ut i vegen, og kom meg ut ganske enkelt. Puh. Køyrde ikkje sååå fort, heldigvis. Så frå då av køyrde eg ein del saktare, ja. Litt treacherous med eit lite slapselag med sno. Det skal ganske lite til for å miste kontrollen over bilen.

Ja, kva er det elles å seie. Ei ny veke med arbeid i Kviteseid. Familiegudsteneste til sundagen, med dåp og barnekor, så det blir stas. Så er det konfirmantarbeid, planleggjingsmøte, andaktar, veiledningsgruppe, møte på Kvitsund etc. Der skal eg snakke om pengar. Og på fredag skal eg ha andakt på eit KrF-møte. Eg skal ikkje tale om Israel og Utøya. Men eg tenkte å ta utgangspunkt i Michael Gormans bok om abortsyn i oldkyrkja. Og så kome med nokre refleksjonar om eit kristeleg/kristendemokratisk/klassisk syn på menneskeverdet.

Dat's dat 4 now.

Wednesday, January 25, 2012

Random thoughts

Må tenke meg om litt meir før eg evt. går over til engelsk, trur eg.

I dag hadde eg også ein samtale med ein annan lærar, om forsking, prosjekt++ Eg hadde tenkt meg om på førehand kva spørsmål eg ville stille etc., og det vart svært lærerikt. Utruleg kor mykje ein kan lære på berre to samtalar a ein time, når ein berre har tenkt gjennom ting litt på førehand og er førebudd. I dag har mesteparten av dagen gått med til litteratursøk, då. Det har også vore veldig lærerikt. 

Den andre tingen eg har gjort i dag, er å samtale i ein del timar med min gode ven Eirik B. Så det har gått i mykje rart. Fyrst og fremst har vi hatt ein sparringsamtale om korleis vi som kristne best kan respondere på utfordringar knytt til sambuarskap. Ein sak er den teologiske avvisninga av sambuarskap, som for så vidt er interessant nok. Her slår vårt filosofiske "predicament" inn ganske sterkt, som protestantiske kristne. Vi lever jo ei tid som er sterkt individualistisk, sterkt emotivistisk, post-nietzscheiansk, prega av materialistisk metafysikk etc. Dette pregar også synet på seksualitetet, som blir tømt for innhald, på sett og vis. I tillegg er det vanskeleg å byggje bruer frå individ til samfunn, sånn etikkmessig, gjeve ein slik ideologisk bakgrunn. Men ekteskapet er jo ein samfunnsstruktur; det å bli mann og kvinne er å gå inn i ei ny samfunnsmessig grunncelle som representerer ein del av "the social fabric". Så...poenget mitt er berre å seie at eit forsvar for ekteskapet er heilt avhengig av at den kristne "visjonen" for livet og røyndomen vert gjeve breiare plausibilitet. 

For øvrig er dette eit problem for seg. Eit anna, og like presserande problem, er kva konkret rådgjeving som bør gjevast til kristne ungdom som ynskjer å "halde sin sti rein" medan ein lever i eit post-kristent samfunn der umiddelbar nyting vert sett som eit legitimt og ynskjeleg gode. Det er inga lett sak. Mange, mange slit med porno, trur eg. Og vi blir invadert av inntrykk i TV, aviser, musikk etc. (Typisk med Dagbladet, som trykker kva det skal vere så lenge dei kan få nakne menneske på trykk.)

Uansett. Eirik og eg tala ein del om Walter Trobisch' bok "I married you". Ei flott bok som også Navigatørane ved OM Olafsrud har latt seg inspirere av. Trobisch understrekar at det er naturleg for eit kjærastpar å la vekst i intimitet gå i takt med vekst i tillit og truskap. Ideelt sett bør desse faktorane vekse "like mykje", på ein naturleg måte, heilt til dei ender opp i ekteskap/sex. Og dette er nok god rådgjeving også for unge par i dag, tenker eg. Ei slik rådgjeving tek utgangspunkt i nettopp det som George understreka så nøye: Ekteskap er per definisjon ein (offentleg og trufast) union mellom to menneske; og denne unionen skjer på eit kjenslemessig plan, eit andeleg plan, eit personleg plan, eit viljesmessig plan - og eit seksuelt, kroppsleg plan. Poenget blir då at det vil vere i tråd med mennesket som integrert ande, sjel, lekam at desse ulike sidene ved unionen mognast og utviklast i takt, på sett og vis.

Yeah. Så kva skal ein så til dømes seie til eit kjærastpar som er trygge på kvarandre, har forlova seg, gått gjennom kriser etc., men som av "convenience"-grunnar har lyst til å flytte saman nokre månader før bryllaupet? Vel, dette er ei interessant og aktuell(!) problemstilling som vi samtala ein del om. Eg trur det er ganske viktig å vere veldig tydeleg her. Det er faktisk ikkje så vanskeleg å gifte seg på kommunehuset, og det er det rette å gjere. Poenget blir at sambuarskapet nettopp per definisjon ikkje er ekteskap i og med at det manglar offentleg sertifisering, som er eit sine qua non for ekteskapet. Så ein kan gifte seg, og så seinare la det bli velsigna i kyrkja med ein stor fest. Funkar fint, det. 

Vi gjekk litt gjennom dei greske paulus-tekstane om ekteskap. Spennande tekstar, det. 1 Tess 4 og 1 Kor 7, særleg. 1 Tess 4 er særleg interessant. Paulus talar tydeleg om at kristne skal vere "heilage", og "til hugnad for Gud". Dette er i tråd med Jesu påbod, om eg tolkar Paulus rett her. Det er i alle fall lærepunkt som er tilknytta Jesus, og som Paulus har gjeve vidare, og som det er heilt naudsynt å lyde. Så dette inneber at ein ikkje må vinne sin ektefelle i "lidenskapeleg lyst", slik som heidningane, som ikkje kjenner Gud. Litt usikker på nøyaktig kva Paulus meiner her. Må finne det ut, tenker eg. Men ein truande må vinne sin ektefelle i "helging" (reinskap) og "ære". Artig med ordet "ære" her. Hjå Paulus elles står dette ordet i kontrast til "skam", så det handlar om å gjere det som er sømeleg, det som er i tråd med naturen, tenker eg. 

I alle høve understrekar Paulus fleire gonger behovet for "sjølvkontroll". Dette er ei Andens frukt, og ektefeller må passe på å ikkje vere for lenge frå kvarandre, for ikkje å miste sjølvkontrollen (altså bli freista til å drive hor, tenker eg). Og: Den som ikkje kan leve fråhaldande, og ikkje kan ha "sjølvkontroll", må gifte seg i staden for å brenne.

Yeah, uansett. Eirik skreiv også Master om bioetikk og kunstig befruktning og sånn. Så han har grepet på Boonin, Thomson, Beckwith etc. Det er artige debattar, veldig spennande, tykkjer eg. Vi kom også ein del inn på spørsmålet om kva Paulus kan meine med at dei gjerningar vi gjer her og no, også vil "vare" inn i det komande gudsriket. Eg tenker nok litt som fylgjer:

Eden var eit "hagetempel". Adam var ein "prest". Hans oppgåve var å bringe ut Edens "kultivasjon" og "shalom-harmoni" utover til resten av verda. Han svikta. 

Sinaifjellet var også eit slags tempel. Moses var som øvstepresten som fekk møte Gud andlet til andlet, dei 70 som prestar som fekk kome inn i det "heilage" altså opp på fjellet, og resten av folket som folket i forgården. 

Tabernakelet og tempelet var også tredela. Forgården er eit symbol på jorda/havet, det heilage eit symbol på himmelen, det aller heilagste er eit symbol på den usynlege sfæren der Gud er. Og der møtest himmel og jord, for arken er Guds fotskammel, meir eller mindre bokstaveleg tala. Symbolikken gjevast av fargane, metallet, organisk materiale etc. i tempelet. (Før har desse materiala vore nesten uforståelege for meg. Kvifor brukast så mykje plass på dette, liksom? Greg Beales bok om tempelet ordna opp i denne manglande forståinga). Tempelet er eit "mikrokosmos". Men heile poenget med tempelet er at det skal bli til eit makrokosmos, dvs. at heile universet skal bli eit einaste stort tempel, så å seie. På sett og vis er det det allereie, men Herrens herlegdom har enno ikkje openberra seg overalt slik som det gjer i det aller heilagste. 

Så ja, når Paulus seier at kyrkjelyden er eit tempel som stadig byggjast opp, og som ein gong skal prøvast i eld, og det som vi har bygd opp av gode ting, skal bli ståande inn i Guds rike, sååååå meiner han altså at vi som kristne tek del i oppdraget med å spreie Guds herlegdom, d. e. Guds rike, utover på jorda, ved å forkynne Jesus og leve som hans trufaste læresveinar slik at vi "embody"'ar Guds rike i vår eigen kropp.

Yep, no er det vel på tide å sove, eg er stuptrøytt. 

Monday, January 23, 2012

Tjaja

Straks leggjetid no. Det har vore ein veldig konstruktiv dag, om enn ikkje så altfor effektiv. Eg har hatt ein veldig god samtale med ein professor og fått svar på masse spørsmål og sånn, og fått ein del hjelp. Og i morgon skal eg snakke med ein annan, og få endå meir hjelp og svar på spørsmål. Så får vi sjå korleis ting går.

Så eit spørsmål. Kva ville de seie om eg gjekk over til å skrive bloggen på engelsk? Er det ok for dykk? Eg trur kanskje eg får ein del fleire lesarar då, så det kan vere ganske spennande, om de skjønar. Så...er de med på det?

Ja, og så har Per Haakonsen vore ute og tolka 22/7 som "Guds straff" sidan Noreg har vore kritisk innstilt til staten Israel. Dersom de lurar på kva eg skulle meine om dette, kan de i det fylgjande lese den kommentaren eg skreiv på VD. La meg seie før eg printar han, at...hmm...dette er tricky materie. Og det er eit område der det for meg gjenstår ein god del gjennomtenking. For korleis tenker ein altså om forholdet mellom vår fridom, vondskapen, og Guds allmakt? Det er tricky materie, som sagt. Here goes nothing:





a. Eg meiner dette er dårleg teologi, sidan "Abrahams etterkomarar" etter nytestamentleg forståing er ei gruppe som består av (1) dei kjøtlege etterkomarane av Abraham som trur på Messias og (2) heidningar som trur på Messias. Dersom ein altså skulle trekke inn teksten om at "den som velsignar deg, vil eg velsigne, den som forbannar deg, vil eg forbanne etc.", så måtte ein anvende denne teksten om den kristne kyrkjelyden, ikkje om staten Israel. For øvrig er det nettopp den kristne kyrkjelyden som omtalast som "Israel" i NT, dei kjøtlege etterkomarane omtalast som "Israel etter kjøtet". Joda, løfta tilhøyrer dei sistnemnde, og det er dei som er utvalte. Men så lenge dei ikkje trur på Messias, er dei "avskore", "brotne av oljetreet" etc.

b. NT held fast på tanken om at Gud straffar synd (sjølv om han fyrst og fremst ynskjer å tilgje). Fyrst og fremst ved domedag, men også her og no. Dette er naturlegvis politisk ukorrekt å påpeike, men det er uansett det som står. Jfr. tempelets fall, Apg 5, Rom 1, Rom 13, 1 Kor 11 etc. etc. Eg tenker vel uansett at vi som kristne har eit sterkt behov for å tenke gjennom kva det faktisk vil seie at Gud er skapar og held oppe verda. Betyr det at Gud styrer absolutt alt, på ein måte, eller har han gjeve ein fridom til skaparverket, til å utfalde seg sjølvstendig og jamvel på vonde måtar?

GT har elles mange tekstar om paradoksa i kva som skjer med folk her i livet, sjå til dømes forteljinga om Josef; Jobs bok eller Sal 73. Så eg trur ein skal vere svært varsam med konkrete spekulasjonar om "skjulte" årsaker bak konkrete hendingar, sjølv om ein pdas. ikkje kan påberope seg absolutt kunnskap om kva Gud absolutt ikkje kan ha hatt noko med å gjere. Vi er ikkje i ein posisjon til å uttale oss på den måten. For å fylgje Luther: Fyrst og fremst får vi halde oss til "Deus revelatus". "Deus absconditus" må vi berre omtale med ein tentativ og tilbakehaldande varsemd, tenker eg.

Det som uansett ligg ope i dagen i 22. juli-saka, er jo ABB sitt manifest. Eg trur nok Paulus ville sagt at dersom ein søkjer "forklaringar", så er mykje heilt tydeleg her, i form av tankar, val, historie etc. som ikkje samsvarer med Jesu herredøme. Dette gjev ikkje noko fullstendig forklaring på ting, men det er i alle fall eit langt betre, sunnare og meir handgripeleg utgangspunkt enn å spekulere om Guds "skjulte" hand i dette.




Så til slutt ein fin film frå Dubai.

I pity [celebrities]. No, I do. The minute a person becomes a celebrity is the same minute he/she becomes a monster. Sylvester Stallone, Bruce Willis and Barbra Streisand were once perfectly pleasant human beings with whom you might lunch on a slow Tuesday afternoon.
But now they have become supreme beings, and their wrath is awful. It’s not what they had in mind. . . .

The night each of them became famous they wanted to shriek with relief. Finally! Now they were adored! Invincible! Magic!

The morning after the night each of them became famous, they wanted to take an overdose of barbiturates.

All their fantasies had been realized, yet the reality was still the same. If they were miserable before, they were twice as miserable now, because that giant thing they were striving for, that fame thing that was going to make everything okay, that was going to make their lives bearable, that was going to provide them with personal fulfillment and (ha ha) happiness, had happened.

And nothing changed. They were still them. The disillusionment turned them howling and insufferable.
...
I think when God wants to play a really rotten joke on you, he grants you your deepest wish.

(from Tongue in Chic column, The Village Voice, January 2, 1990)

Sunday, January 22, 2012

10 veker

On a personal note

Littegrann oppdatering, då, for den som skulle vere interessert i slikt. Her kjem relevant og irrelevant i ein god miks.


- Eg er godt på veg i Beckwiths og Pojmans artikkelsamling om abort. Ei svært stimulerande og spennande bok. Her får ein dei beste argumenta for og imot abort, samla på ein stad. Særleg interessant er Judith J. Thomsons svært innflytelsesrike artikkel "A defense of abortion". For deg som vil ha litt å tygge på, kan du lese denne artikkelen her, samt Beckwiths respons her. Eg har førebels ikkje tenkt gjennom dei filosofiske argumenta her, eg skal ta til med David Boonins forsvar for Thomson no snart, i tillegg til ein respons til han. Boonin er ein veldig interessant type, djuptpløyande og "fair" i argumentasjonsmåten. Så dette skal bli spennande. Dersom det er interesse, kan eg godt skrive litt meir om argumentasjonen her etter kvart, elles så kjem eg sikkert til å skrive om det uansett.

- Ja, så kvar var vi. I dag hadde vi ein veldig hyggeleg lunsj etter møtet i Misjonssalen. Så samtalar går høgt og lågt, om masse spennande ting. Vi tala om scientologikyrkja, som har ein verkeleg weird "grunnmyte" om kvifor ting er som dei er. Ei sa: "Ja, men det er jo slik med kristendomen også. Gud har skapt verda, liksom, og valt seg ut eit folk, og så sender han son sin for å døy på ein kross. Det er jo veldig rart?? Men det er endå rarare å tru at dette ikkje er sant." Ja, det er jo eigentleg det, ein kan berre unngå "rarhetskjensla" dersom ein held seg med ein ekstrem scientisme som fører til absurde konsekvenser, og som uansett ikkje er godt grunngjeve. Ja, men kva med kristendomen, er han rar? Tja. Vi tala litt om Peter Bergers Social construction of reality, og om korleis kristendomen er avhengig av plausibilitetsstrukturar for å gje meining. Kva som gjeld som "rart", kan faktisk variere veldig sterkt frå kultur til kultur, ideologi til ideologi, ikkje sant. Så det gjeld å halde tunga rett i munnen, og skjelne godt mellom kva vitskapen seier, og korleis vitskaplege resultat tolkast. Her syndast det mykje, tør eg seie. Som Cunningham så ofte seier i løpet av Darwin's pious idea: "Something is rotten in the state of Oxford." Så poenget er at jo, kristendomen kan nok vere rar. Men dette kjem veldig an på kva standpunkt ein inntek, og då gjeld å utøve ein sunn sjølvkritikk i høve til dette standpunktet.

- I natt vakna eg. Eg tenkte: Hm. Kva driv eg på med, liksom? Eg har ein slags plan. Og eg arbeider 50% som prest, og studerer 50%. Eg kan ikkje akkurat drive på sånn så altfor lenge. Eg må ta grep etter kvart. Eg ynskjer jo ein familie, og eg ynskjer å vere meir etablert, og å ha eit yrke som eg trivast med, som passar med min "natur", eller kva vi skal seie. Men no er eg i limbo. Og eg er ein type som...kan ha ein tendens til å spele meg sjølv litt ut på sidelina med tankane mine, dvs. ha ein tendens til å produsere skruplar i hopetal. Så eg tenkte: Kva skal det bli av dette? Men då eg vakna att, på morgonen, såg eg litt ljosare på ting. Det er som regel slik. Det skal nok gå, men ikkje av seg sjølv. Vi får håpe planane som eg faktisk har, går sånn nokonlunde.

- Yep, no er t-banen straks på Grorud, og eg skal av for å besøke Andreas' hybel, chille litt, og så attende til møte i Storsalen.

Thursday, January 19, 2012

Respons til dei hyggelege human-etikarane

Eg har brukt ein del tid av dagen på å gjere litt research og skrive eit lengre svar til Fri Tanke. Det er publisert her. Og eg postar det også her i det fylgjande:


Innleiing
Fyrst vil eg gjerne takke deg (Hans Christian Nes) for denne responsen på vår kronikk samt mitt tilsvar til dykk på den førre artikkelen (d. e. her). Eg tykkjer det har stor verdi både å ha ein respektfull samtale og også å kunne stå saman om det vi er samde om (som slett ikkje er lite). Så har eg også ei rekke med innvendingar til det som er skrive ovanfor, og eg skal ta dei steg for steg og gjere mitt beste for at det eg skriv, er forståeleg.

Reduksjonistisk materialisme
For det fyrste. Vi er sitert på at ”å gi en rasjonell og sammenhengende begrunnelse for disse verdiene, er uansett vanskelig for den som mener at mennesket utelukkende er et produkt av dypest sett meningsløse, evolusjonære mekanismer”. Denne kritikken var ein spesifikk respons til Andersens kronikk, som henviste til nyateismen (med tilsynelatande tilslutning), og som også skreiv at etikken bør vere ”fundamentert på vitenskapelighet, om at beslutninger skal fattes og verdensbilder formes på grunnlag av fakta, helst vitenskapelige sådanne.”

Difor var det også rimeleg å ta utgangspunkt i ein reduktiv materialisme a la Dawkins, Dennett et al i vår kritikk. For øvrig er det mange gode filosofiske grunnar for å rette kritikk mot den reduktive materialismen, som fører til mange absurde tankemessige konsekvenser. Eg har ikkje grunnlag for å seie at du eller HEF står for ein slik type reduktiv materialisme, men eg ville vel ikkje tippe det er heilt uvanleg innanfor organisasjonen heller.


Argumentasjon i det offentlege rom
For det andre. De seier at det er både naudsynt og mogleg å begrunne menneskeverdet og andre etiske verdiar, men utelukkar at teologien kan vere ei legitim kjelde for dette i eit livssynspluralistisk samfunn. La meg seie at eg i utgangspuntket har sympati for denne tenkinga, dvs. at vi i eit livssynspluralistisk samfunn så langt det er mogleg bør argumentere allment. Dette er eit mål å etterstrebe, og framfor alt må samtalen foregå på ein respektfull, lyttande, sakleg, velvillig og høfleg måte. Samstundes ser eg likevel i utgangspunktet ingen grunn til at ”religiøse” ikkje får delta med sine standpunkt inn i den offentlege debatten. Desse standpunkta må diskuterast, prøvast, ja, og inngå i ein demokratisk prosess. Det er avgjerande viktig. Men eg ser ingen rimeleg grunn til at dei bør utelukkast.

Alasdair Macintyre stilte spørsmålet: ”Whose justice? Which rationality?” Med dette peikar han på at opplysningstidas moralprosjekt har brote saman, i alle fall dersom ein skal døme ut frå det eksplisitte og uttala målet om å kunne presentere og grunngje ein tydeleg fornuftsmessig moral utan henvisning til tradisjon, autoritet, religion. Ei sjølvsagt henvisning til ”fornufta” i moralske spørsmål er altså ikkje mogleg; det er nettopp kva som bør gjelde som ”fornuft” vi diskuterer. Og her vil diskusjonen raskt måtte kome inn på grunnleggjande metafysiske føresetnader der heller ikkje religiøse fundament bør utelukkast (men heller involverast i den offentlege samtalen og utsetjast for kritisk gjennomtenking og prøving).

Det er fint å omtale sin eigen posisjon som ”den rasjonelle” etc, og eg verdset idealet om rasjonalitet, dvs. grunngjeve verdiar og gjennomsiktige resonnement i tråd med logiske prinsipp. Men her må ”sekulære”, til dømes Human-Etisk forbund, utøve like sterk sjølvkritikk mot si eiga etiske tenking som kristne bør gjere. Også ”sekulære” bringar inn i offentleg debatt livssynsstandpunkt som må grunngjevast ”all the way to the bottom” for å fortene merkelappen ”rasjonell”.


Grunngjeving av menneskeverd og -rettar
Men for å hente meg inn att litt her. Eg er i utgangspunktet samd med at vi må etterstrebe allmenn grunngjeving av verdiar, normer, rettar, plikter (så langt det er mogleg) for det som skal leggjast til grunn for offentleg politikk i eit livssynspluralistisk samfunn. Og no er vi heldigvis samde om menneskerettar, og vi held fast på dei, og ynskjer å leggje dei til grunn. Men det relevante spørsmålet vi diskuterer, er altså grunngjeving av desse. Då kunne eg gjerne tenke meg å utfordre dykk: Korleis grunngjev de sjølve menneskerettane, når de hevdar at det er ”mogleg” å grunngje dei ut frå dykkar røyndomsforståing? Her finst det naturlegvis mange løysingsforslag, spørsmålet er om dei faktisk held vatn, om vi faktisk kan tale om ”inherent dignity”, ”inherent rights” (ikkje berre rettar basert på sosial konsensus eller liknande), utan å henvise til Gud (a la Locke) eller ein føremålsretta natur (a la thomismen).


Den klassiske naturrettstenkinga
Den sistnemnde, aristoteliske tenkinga om at naturen er føremålsretta, at mennesket har visse ”natural ends” har vore den aller mest sentrale i ”rettstenkinga” historisk sett. Eit lite utdrag frå Jack Mahoneys bok ”The Challenge of Human Rights” (Blackwell), s. 119-120: ”Historically, it is clear that human rights are considered to spring from two sources, human nature and, behind nature, a divine creator. Much of Greek thought, and Roman after it, was permeated by the idea of a divine force controlling human events(…)Aristotle and those that came after him [entertained the idea] of a form of cosmic “natural justice” superior to all social agreements(…)”

Det var altså denne klassiske tenkinga Aquinas (og seinare skolastikarar) tok opp og sameina med kristen tenking, i det han tok utgangspunkt i at skaparverket har visse føremål, visse ”natural ends”, som kan erkjennast av fornufta, og som bør søkjast å bli perfeksjonert; dette er Guds morallov.

”Thus, it was quite natural for the founders and exponents of the classical natural rights movement of the eighteenth century to develop their thinking within a more or less explicit religious context, and to base their arguments for natural rights ultimately on a belief in a creator god. Since God creates all human beings and wants them to behave freely in such a way to achieve their ultimately divinely planned destiny, it follows that God equips every human creature with all the necessary means to fulfill that destiny, including ability to make appropriate moral demands on their fellow human beings to enable each human creature to attain in time and in eternity to their destined fulfillment.”

Merk at denne klassiske tenkinga eigentleg ikkje let seg plassere på verken den eine eller den andre sida av “religiøs/sekulær”-skiljet. Denne tenkinga er heilskapleg, og altså båe delar på same tid, men utan å henvise til Bibelen, derimot utelukkande til rasjonelle grunngjevingar, til sjuande og sist basert på ein metafysikk som tilseier at skaparverket/mennesket har visse ”natural ends”.

Kanskje er de opne for å erkjenne ein liknande type metafysikk (Norman kjem på sett og vis nær til det i si bok om humanisme, når han talar om at menneskenaturen på ein eller annan måte må leggjast til grunn for etikken). I så fall er eg berre glad for det (og det er grunn til å understreke at alternative, materialistiske røyndomsforståingar ikkje er utan alvorlege, filosofiske problem). Då får de naturlegvis raskt ei utfordring i å takle thomistiske gudsbevis og ein meir konservativ ”natur-moral”, men det kan i så fall bli spennande.


Louis Pojmans kritikk av moderne egalitarianisme
(Sjå for øvrig ein analyse av ideen om ”Equal human worth” i moderne moralfilosofi, skrive av den anerkjente filosofiprofessoren Louis Pojman, her. Han konkluderer slik:

Secular egalitarian arguments for equal rights seem, at best, to be based on a posit of faith that all humans are of equal worth or that it is useful to regard them as such. They have not offered plausible reasons for their thesis, and, given the empirical consideration, inegalitarianism seems plausible. If my analysis of the subject is confirmed by fuller arguments, then there are only two choices for egalitarians and the rest of us: either secular inegalitarian moral/political systems or religious (or comparable metaphysical) systems.

I have suggested that secular egalitarians have inherited a notion of inviolability or intrinsic human worth from a religious tradition which they no longer espouse. The question is whether the kind of democratic ideals that egalitarians espouse can do without a religious tradition. If it cannot, then egalitarians may be living off the borrowed interest of a religious metaphysic, which (in their eyes) has gone bankrupt. The question is: Where's the capital?)


Kant, Nietzsche og Nansen
Vidare til Kant (i det fylgjande byggjer eg på F Coplestons filosofihistorie, band 6, samt Walter Kaufmanns biografi om Nietzsche). Eg er veldig samd med deg i at elevar bør lærast opp til vurdering, prøving, kritisk tenking etc. Som kristen vil eg også så godt eg kan freiste å vise, ut frå tilgjengeleg filosofi, metafysikk, vitskap etc. at mitt livssyn er koherent, rasjonelt, truverdig, og denne gjennomtenkinga vil også inkludere etikken. Som nemnt ovanfor, altså; denne kritiske tenkinga må gjelde sjølve det metafysiske grunnlaget for etikken, ikkje berre overflatiske normer, verdiar etc (slik det så altfor ofte skjer i moderne moralfilosofi, med det til resultat at studentar vert meir forvirra etter studiet enn før). Eg er nok redd artikkelen ovanfor går i denne fella, og eg skal grunngje kvifor.

For du tek fyrst utgangspunkt i Kants tanke om autonomi. Fair enough. Problemet er at det like etter fylgjer eit Nansens-sitat, som du siterer med tilslutning. Men dette sitatet seier noko diametralt motsett enn det Kant meinte med autonom moral. For Kant var den autonome moralen fyrst og fremst ein fornuftsmoral, og med det meinte han at fornufta gjev oss evnen til å finne ut kva morallova er. Når vi prøver våre maksimer på det kategoriske imperativet, og spør om våre maksimer kan bli gjort til allmenne, universelle lover, så finn vi fram til ein a priori gjeve morallov. Vi konstruerer altså ikkje vår moral, vi tilpassar oss fornuftslova. Denne lova er gjeve, og vi menneske har ingen ting å seie her, utover å bruke vår fornuft til å tilpasse oss.

Difor er det altså djupt inkoherent når Nansen vert sitert, og det på to måtar. Nansen talar for det fyrste om å ”byggje opp ein ny og rettferdig morallov, fri frå overtru, basert på solidaritet og kjærleik.” No kan eg ha sympati med slike verdiar, og som kristen vil eg då påpeike at ideane om solidaritet og kjærleik som eit historisk faktum altså for ein stor del er (slik Habermas understrekar) ein arv frå jødisk-kristen tenking. Du ville ikkje funne desse verdiane heldt høgt på same måten i romarriket før kristendomen braut fram.

Men: Nansens tanke her, om å byggje opp ein ny morallov, har ærleg tala meir affinitet med Nietzsche enn med Kant. (Men Nietzsche vil de kanskje ikkje like tydeleg identifisere dykk med?) For Kant var morallova eit gjeve, og det var kun fornufta – d. e. universalisering av maksimer – som avgjorde kva som var godt og i samsvar med denne morallova, punktum. For Nietzsche er etikken brote saman, det er ”vilje til makt” som styrer moralen, og ein må difor som eit sterkt menneske byggje sin eigen moral, slik altså Nansen talar om, sjølv om innhaldet i Nansens moral nok skiljer seg ganske sterkt frå Nietzsches. Ideen er likevel den same: Vi kan konstruere vår eigen moral (og det er altså her grunngjevingsproblematikken slår inn med full styrke).

Men også på ein annan måte er Nansen-sitatet i diametral motsetning til Kants etikk. Kant meinte at dyd og lukke hang saman. Den som er god, vert lukkeleg. Men når etikken skal utformast, må all tale om lukke haldast utanfor. Då er det berre fornufta (slik han forstår den) som gjeld, ingen ting anna. Det vil seie: Det er menneskelege handlingar (maksimer) som vert ”prøvd” med utgangspunkt i fornufta, det er altså ikkje tale om rein deduksjon frå eit nakent prinsipp. Men når ein lever moral/fornuftig med utgangspunkt i det kategoriske imperativ, blir ein lukkeleg. For øvrig rammar din kritikk av kristen etikks tanke på ein ”morallov som må fylgjast” Kants etikk i langt større grad enn den kristne. Han stod for ein rigid deontologisk etikk som vart halde fast av ei fornuftig, fast morallov (som Macintyre i praksis vil hevde at for ein stor del var levningar frå hans kristne oppseding).

I kristen tenking er det derimot visse merkesteinar (fyrst og fremst dei ti boda), men elles gjeld det å få eit ”fornya sinn” ved trua på Jesus, og så – med utgangspunkt i Jesu døme, den kristne røyndomsforståinga og den kristne framtidsvona – bruke fornufta til å gjere det beste ein kan. Det var også difor eg sa at det er ein karikatur å omtale kristen etikk som ”blind lydnad”-etikk. (Og eg undra meg litt over at du repeterte denne utsegna utan å ta omsyn til min respons her. Nøyaktig kva byggjer du ”blind lydnad a la Abraham”-tanken på? Har kristne sjølve framstilt etikken på denne måten, i vår tid? (Kierkegaard får tale for seg sjølv) Er det ei sakssvarande attgjeving av nokon kristne etikkframstillingar du kjenner til?)

Men til poenget: Nansen seier imidlertid noko ganske anna enn Kant: ”Budene er gode i seg selv, fordi deres overholdelse fremmer menneskenes lykke her i livet.” Ein slik utilitarisme var det naturlegvis Kant kjempa så iherdig mot. Eg utfordra deg på bruken av Kant i min førre kommentar, utan å få nokon respons. Og no er det vel på tide å repetere utfordringa. De brukar Kant som sanningsvitne for at menneskerettar og moral kan grunngjevast på ein reint sekulær måte. Greit nok, det let seg høyre. Men så langt eg kan sjå, tek de ikkje Kants tenking på alvor i det heile teke, bortsett frå at de overtek nokre enkle omgrep som ”autonomi”, ”den gylne regel”, ”menneskeverd” etc. (og kven tek vel Kants grunnleggjande epistemologi, fornuftstenking etc. på alvor i vår tid? Ikkje mange).

Ja, de får berre korrigere meg om de meiner at eg er urettferdig mot dykk her. Men eg meiner altså tydeleg at denne kritikken rammar artikkelen ovanfor, i alle høve. Altså tykkjer eg det er urimeleg å bruke Kant på denne måten, og eg tenker fylgjeleg også at de ikkje kan kome i mål med grunngjeving av verken menneskeverd og moral ved bruk av Kant, i alle fall. Og eg tenker vel også at dette er eit døme på det Macintyre anklagar moderne moraldiskurs for, i sin After Virtue, nemleg at ein på ein ugrunngjeve måte hentar ”bits and pieces” frå ulike (meir eller mindre koherente) moralsystem frå tidlegare tider.


Grunngjeving av moral og verdiar
For øvrig er det ganske klart at humanistar i vår tid uansett ikkje tenker etikk på same måten som Kant. I staden held ein seg med grunnleggjande etiske ideal som Kant vart sterkt imot, som i Richard Normans ”Humanisme”, der det er ein slags utilitarisme kopla med ein del lause betraktningar om menneskenaturen som gjev det mest grunnleggjande etiske utgangspunktet. Eg tykkjer naturlegvis det er ok at de står for dette, vi lever i eit moderne demokrati, og eg tykkjer HEF-folk stort sett er veldig greie å ha med å gjere, og på mange vis rettskafne folk som står for mange gode og sunne verdiar. Eg respekterer også Normans resonnement, sjølv om eg altså meiner at han ikkje klarer å grunngje ideala og verdiane på nokon koherent måte, heilt ned til botnen i metafysikken.

For å utfordre dykk litt: Du talar til dømes om ”eit godt liv”. Kva målestokk og utgangspunkt har de til dømes for å seie at noko er”godt”? Meiner de verkeleg ”godt” i objektiv forstand, eller heller i rein emotivistisk forstand? Og kva grunnlag har vi for å meine at vi bør fylgje ein moralteori som gjev ”mest mogleg lukke for flest mogleg folk”, i motsetning ”mest mogleg lukke for meg”? Dette er eit klassisk problem i moderne moralteori sidan Hume, og så langt eg veit, er det ikkje gjeve noko god løysing på det, og så langt eg har lese, trur eg neppe det er mogleg å finne noko løysing på det (d. e. lage ei bru frå ”er” til ”bør”, gjeve moderne, materialistisk metafysikk.)


Etterord
Til slutt: Eg tenker vel at både human-etikarar og kristne kan ha godt av å ”tenke litt utanfor boksen”. Human-etikarar kunne kanskje (dette er berre eit velmeint forslag) ha godt av å utsetje opplysningstidsideen, scientismen og metafysikken sin for litt kritisk prøving. Kristne kunne ha godt av å setje seg litt betre inn i både filosofi og naturvitskap, og tørre å la trua si bli utfordra og forma av dette.

For øvrig anser eg trua og livet mitt litt som ei lang reise, der eg stadig lærer nytt og let trua mi bli forma på denne måten. Så det ovanfor skrivne er eit uttrykk for den staden eg er på mi pilegrimsreise, og så ynskjer eg dykk lukke til på dykkar. Eg høyrer gjerne på eventuelle responsar også.

















Yup. Snart helg no. Skal bli godt å slappe av litt. Og spele Halo :-) Eg veit ikkje om det er meir å seie. Enn dette?

Alvin Plantinga presenterer 20-30 argument for Guds eksistens her.

Wednesday, January 18, 2012

Hei, det er meg. (Igjen) Dette blir eit innlegg med litt forskjellig av bøker og sånn, så les om du har lyst.

Skal vi sjå kva som skjer no, då. Uh. Eg er ferdig med Beales refleksjonar om tempelet i GT. Flott bok. Augeopnande, på fleire måtar.



Har vikla meg inn i nokre debattar til, då, veit du. Den fyrste er om tenestedeling i NLM, kan lesast her. Så som ein kan vite, har eg sagt nokon ord om korleis eg meiner ein bør forstå Paulus på dette punktet. Kort sagt: Mannen skal elske kona si, kona skal underordne seg mannen sin, kvinner har plenty av tenester i kyrkjelyden, men ikkje læreembetet. (Dette er det eg meiner er eit sakssvarande standpunkt, men her er det naturlegvis ein debatt pågåande). Elles tykkjer eg personleg det er flott med kvinner som gjer karriere etc. så lenge ein også som kone prioriterer familie og vurderer familieliv som eit vesentleg gode (noko mannen også må gjere, men moglegvis på litt andre måtar?) Men ja, her må naturlegvis folk leggje opp liva sine slik dei finn det tenleg. Elles må vi alle respektere kvarandre så godt vi kan og gjere det beste vi kan mot kvarandre.

Så har eg fått svar frå Human-etisk forbund! Hehe, ein eigen artikkel på "Fri tanke". Saka er altså at eg skreiv  eit innlegg til Aftenposten, som de veit, om RLE-faget etc. Så skreiv Human-Etisk forbund ein artikkel om dette. Så kommenterte eg denne artikkelen. Så kom eit tilsvar i dag :) Diverre blir berre mange av påstandane repetert, sjølv om eg hadde vektige innvendingar mot dei. Og så kjem det nokre nye. Så no skal eg tenke meg litt om, og så svare i løpet av morgondagen, tenker eg. Er ikkje verst å få anledning til å presentere gode argument på deira heimeside. Men eg har mykje lesing foran meg på dette området, må eg seie.

Har forresten bestilt nokre bøker no også, då. Trout/Mosers (eds) "Contemporary materialism: A reader". Spennande artikkelsamling med fleire motstridande standpunkt. Som regel tryggast å lese ulike standpunkt når dei er skrive av folk som verkeleg står for dei sjølv.



Jaegwon Kims Philosophy of mind er veldig kritikarrost, så det skal bli spennande å jamføre denne med Fesers tilsvarande. Dette er også pensum på filosofi grunnfag, så om eg held fram slik, så kan eg kanskje gå opp til eksamen? Kven veit.



Så Barry Strouds "Quest for reality", som kan bli interessant, kanskje. Og så (endeleg) Bas van Frassens "The Empirical Stance" (gler eg meg til å lese denne? JA).



Uansett, ja. Eg fekk ei anna bok i posten her om dagen, og det er ei SUPERBOK, nemleg Pojman og Beckwiths artikkelsamling om abortsaka. "Abortion controversy: A reader" (2. utgåva, då). Her får ein artiklar av Beckwith, Pojman, Tooley, Dworkin, Boonin, Thomson etc. Gler meg verkeleg til å få pløyd gjennom dei viktigare artiklane i denne. Det er høgst tilfredsstillande å ha grep om sentrale problemstillingar og argument i ein debatt som denne. Så får vi sjå kva eg ender opp med her.



Men alt dette er eigentleg moro-stash, som kjem i tillegg til teologien, då. Så eg skal ta til på Nahum Sarnas Genesis-kommentar no. Det skal bli veldig spennande, det også, sjølv om denne boka eigentleg er utdatert, sånn forskingsmessig. Men den er full av djup innsikt likevel. Forfattaren var jødisk through and through.



 Eg har det eigentleg veldig bra når eg har dagen fri, og eg kan berre sitje og lese ting eg likar. Så får eg prøve å gjere det beste ut av det eg les, om eg klarer det. I morgon blir det ein ny dag med lesing, og besøk til litt folk på kvelden.


Elles ser eg at ekteskapsinnlegget mitt nedanfor har fått 0 likes :) Hehe. Ok. Likte de det ikkje??

Tuesday, January 17, 2012

Ny dag med lesing og skriving i dag.

Boka til Beale er framleis like spennande (eller meir spennande). Mykje innanfor GT er liksom litt ukjent for meg. Men eg dekker meir og meir, steg for steg. 

Så har eg lese ein del vidare i Robert Georges bok Clash of orthodoxies. Verkeleg spennande, spennande. George argumenterer ut frå klassisk "natural law"-tenking. I dag har eg då m. a. lese om ekteskapssynet. Det er verkeleg interessant stoff, mykje nytt for meg også. Eg skal sitere litt. Dette bør lesast veldig nøye. Det er viktig stoff! Veldig utfordrande, men dette er klassisk tenking innanfor den kristne tradisjonen. Eg uthevar særleg interessante punkt:




Marriage is a two-in-one-flesh communion of persons that is consummated and actualized by acts that are reproductive in type, whether or not they are reproductive in effect (or are motivated, even in part, by a desire to reproduce). 



The bodily union of spouses in marital acts is the biological matrix of their marriage as a multi-level relationship: that is, a relationship that unites persons at the bodily, emotional, dispositional, and spiritual levels of their being




Marriage, precisely as such a relationship, is naturally ordered to the good of procreation (and to the nurturing and education of children) as well as to the good of spousal unity, and these goods are tightly bound together. 

The distinctive unity of spouses is possible because human (like other mammalian) males and females, by mating, unite organically - they become a single reproductive principle. Although reproduction is a single act, in humans (and other mammals) the reproductive act is performed not by individual members of the species, but by a mated pair as an organic unit. The point has been explained by Germain Grisez:

Though a male and a female are complete individuals with respect to other functions - for example, nutrition, sensation, and locomotion - with respect to reproduction they are only potential parts of a mated pair, which is the complete organism capable of reproducing sexually. Even if the mated pair is sterile, intercourse, provided it is the reproductive behavior characteristic of the species, makes the copulating male and female one organism.

In marital acts the bodies of persons who unite biologically are not reduced to the status of mere instruments. Rather, the end, goal, and intelligible point of sexual union is the good of marriage itself. The central and justifying point of sex is not pleasure (or even the sharing of pleasure) per se, however much sexual pleasure is sought - rightly sought - as an aspect of the perfection of marital union; the point of sex, rather, is marriage itself, considered as a bodily ("one-flesh") union of persons consummated and actualized by acts that are reproductive in type. 

Because in marital acts sex is not instrumentalized, such acts are free of the self-alienating and dis-integrating qualities of masturbatory and sodomitical sex. Unlike these and other nonmarital sex acts, marital acts effect no practical dualism which volitionally and, thus, existentially (though, of course, not metaphysically) separates the body from the conscious and desiring aspects of the self which is understood and treated by the acting person as the true self which inhabits and uses the body as its instrument. As John Finnis observed, marital acts are truly unitive, and in no way self-alienating, because the bodily or biological aspect of human beings is "part of, and not merely an instrument of, their personal reality."


Ok, det er sånn. Veldig interessant, dette, særleg punktet om at ekteskapets vesen og "meining" er å bli "eitt" - både kroppsleg, kjenslemessig, disposisjonelt og andeleg. Det er verkeleg ein vakker tanke. Også veldig interessant korleis George peikar på at det ligg ein slags "dualistisk" menneskesyn bak ulike typar av seksuelle deviasjonar, for då blir kroppen brukt reint instrumentelt, som eit middel for eit mål om nyting el. l. Men kroppen er ikkje noko anna enn meg, det ER meg, altså må kroppen brukast i tråd med dens "natural ends" for at ein skal oppnå "integrasjon" og ikkje "self-alienation". 

Også interessant å tenke på korleis katolsk teologi vektlegg at sameininga av mann og kvinne som "eitt kjøt" er eit slags levande symbol (dei vil seie: eit sakrament) på forholdet mellom Gud og menneske. Det betyr at vi kan spore Gud, lære noko om Gud, i måten mann og kvinne er i møte med kvarandre, i alle fall når mann og kvinne er fornya ved trua på Jesus. Dette føreset naturlegvis ein skapingsteologi der Gud er nær skaparverket, formar det og held det oppe - slik at han også kan "sporast" i skaparverkets mønster og framtoning. Ein spennande tanke.

Også interessant å tenke på korleis den thomistiske metafysikken her styrker den bibelske ideen om at ein særleg naturleg del av ekteskapet er å bere fram born. Dette er endå ei side av den klassiske kristne trua som har blitt gøymt i ein skuff i norsk kristendom, er eg redd. Men det er eit vesentleg poeng. "Ver fruktbare, bli mange" etc. Det er eit påbod i skapingssoga, faktisk. Poenget med påbodet er at vi som menneske skal vere Guds "viseregentar" på jorda, reflektere hans herlegdom, bringe ut hans rike, vere trufaste forvaltarar, inntil Guds herlegdom fyller heile jorda. Det å bere fram born er ein naturleg og nødvendig del av dette.

For øvrig også interessant å tenke på korleis vi i Noreg har ei radikalt anna ekteskapsforståing. George understrekar at når ekteskapsforståinga avviker frå den klassiske naturrettstenkinga, der ein tek utgangspunkt i den menneskelege natur, så vil det bli veldig vanskeleg å vinne gjennom med ei slik ekteskapsforståing i samfunnet. Det er ikkje eit problem for oss kristne, sånn umiddelbart. Vi kan halde oss til ei rett og god ekteskapsforståing, og leve på den måten. Men samfunnet sett under eitt vil lide under det, for "the fabric of society is unraveled" når det klassiske ekteskapssynet vert forkasta. 

[Her strauk eg eit avsnitt som var noko ubalansert og misvisande.]

Det har vore veldig vanskeleg for konservative kristne å kommunisere til samfunnet som heilskap kvifor eins eige ekteskapssyn er det mest moralske. Ein har ikkje hatt ressursar til å formulere allmenne grunnar, eller i det minste grunnar som samsvarer med ein metafysikk som er rasjonelt forsvarleg. Øivind Benestad og hans meiningsfeller gjorde likevel heiderlege forsøk ved kampanjane for den tradisjonelle ekteskapslova. Men svært få gjekk djupt nok og forklarte kva som dreiv fram desse endringane i samlivet, og kva som skulle til for å ta eit oppgjer med dei grunnleggjande føresetnadene som dreiv fram utviklinga. (Men det finst altså nokre døme på det motsette, som Per Lønning).

Men eigentleg tenker eg at det aller viktigaste er at kristne sjølve veit kva dei trur på, og kvifor dei trur det, og så lever etter dette. Dette må uansett vere fyrstepri., og så kan ein evt. også formulere eit filosofisk grunnlag som kan vere utgangspunkt for offentleg politikk.






No blir det å sove, og i morgon er det ein ny dag med lesing. 

Monday, January 16, 2012

Dette bør lesast! Han her er på kornet på mange felt. Det er eit privilegium å ha tid til å lese og setje seg inn i ting. Også eit ansvar, reknar eg med. Ein blir liksom klar over kor mange "unfounded assumptions" som er ute og går i tenkinga til folk, korleis mykje av moderne kultur er spesifikt og komplekst innretta til å avvise kristendomen og oppretthalde "a conflicting worldview".

No, uansett. I dag har eg berre site og lese litt forskjellig, då. Eg har lese Greg Beales "The Temple and the church's mission". Det er ei kjempeflott bok som tek for seg tematikken og symbolikken rundt hagen, tempelet og Jerusalem i GT og NT. Veldig spennande, og det kastar eit flaumljos over mykje av NTs tale om desse tinga. Poenget er at Eden er det fyrste tempelet, og Adam er "presten", som arbeider for å halde hagen "rein". Oppdraget er å la Guds nærvere - den kultiverte hagen - gro utover resten av jorda, så heile jorda blir ein god stad å bu. Dette er oppdraget som Israel "overtek" som Adams etterkomarar, "the true humanity". Dette ser ein relativt tydeleg i korleis oppdraget til Adam om å vekse, aukast, bli mange etc. blir gjeve til Abraham og hans etterkomarar.

Israel blir då prestar for Gud, og tener i tempelet, der Gud er nær og jord og himmel møtest. Tempelsymbolikken peikar i retning av tempelet er "a microcosm of the entire universe". Poenget er då at skaparverket er Guds tempel - og tempelet er ein liten versjon av dette, der Gud kjem heilt nær. Målet forblir det same: Guds nærvere skal utover heile jorda, "Herrens herlegdom skal bli manifestert blant alle folkeslag". Dette skjer då ved at Israel reflekterer gudsbiletet og oppfyller sitt sanne oppdrag som Israel, som altså går ut på å bringe velsigning ut til alle folkeslag (dette var trass alt paktsplanen med Abraham). Et cetera, et cetera. Men ja, dette er verkeleg ei flott og sentral bok. Varmt anbefalt.


Elles har eg no også byrja å pløye gjennom Robert P Georges "Clash of orthodoxies." Tidlegare har eg berre lese ein oppsummerande artikkel av George på First Things (her.) Også ei kjempeflott bok om naturleg lov, juss, moral, ideologi etc. Varmt anbefalt, denne også. Ei framifrå bok som gjev hjelp til både å analysere og gje eit tilsvar til utviklinga.




Dette er frå Yosemite. Naturen her er "out of this world". LIKELIKELIKELIKELIKE. Tenk å vere der ein varm sumardag, og gå på ein lengre tur der. Utruleg vakkert. Det er nesten som eit eventyrland. Som Vrådal, berre tre gonger vakrare. Hoho, tenk korleis det skal bli å gå på tur der, og køyre gjennom her (kanskje du må zoome ut litt):


View Larger Map

Sunday, January 15, 2012

Etc

Eg drøymer vidare, eg. Her er også eit alternativ. Her blir det ein god del mindre køyring, så ein får kanskje betre tid til å bli kjent med stadene ein besøker. Så ein kan byrje i SF, reise kystlinja til LA, ta Interstaten vidare til Phoenix (Visste du forresten at Ph er dobbelt så stor som SF?) Så til Grand Canyon, Las Vegas, Yosemite National Park, der ein kan gå på fjelltur etc. Og så attende til SF. Yepyep, kven veit kva som skjer.


View Larger Map

Elles har eg i helga vore på Ikea, vore hjå bror min og spela Halo og henge med familien, vore på måte i Misjonssalen, vore på møte i Storsalen, og elles chilla. Så har eg lese at Jens Saugs. har skrive ein kronikk om abort i Aftenposten. Argumentasjonen hans var nok ikkje heilt samanhengande, og personleg tykkjer eg det er rimeleg drøyt å gå så sterkt inn for downs-abortar, uavhengig av kva ein elles måtte meine om abort. Velvelvel, dette er ein debatt eg ikkje kan ytre meg offentleg i før eg har lese meg hakket meir opp.  Som eg har ein intensjon om å gjere. Her er det "high stakes". Så får vi sjå kva det blir til.

Goood natt.

Berre litt blabla

Eg er veldig glad i USA. Det er eit flott land med imøtekomande folk, flott natur og masse spennande ting å sjå. Det er også problematiske ting ved USA, fyrst og fremst utanrikspolitikken og den veldig forbrukskulturen, kanskje. Men ja. Så eg har jo vore der eit par gonger, og har ein draum om kome attende dit. Vi har tala litt om ein road trip, meg og nokre vener. Eg har vore veldig i tvil om det har vore forsvarleg med tanke på miljøet. Så eg må tygge litt meir på det. Men det går jo an å gjennomføre litt damage control, trur eg, ved å kjøpe klimakvoter, og elles leve eit enkelt liv utan å handle for mykje unødvendig stash i eins generelle livsførsel.

Så ja. Andreas og eg sjekka litt prisar på ting og tang i kveld. Fyrst tenkte vi på ei rute frå Chicago, via Minnesota, gjennom South Dakota, til Wyoming, Utah, Arizona, Utah, og så vidare til San Fran. Problemet med denne ruta er at det kostar ein god del ekstra både å køyre leigebil frå ein stad til ein annan, og også å fly til ein stad og så attende frå ein annan. Så vi tenkte på eit alternativ.


View Larger Map




View Larger Map

Her kan vi reise til SF, og så kanskje sørover, eller nordover, til mange av dei same stadene, men vi får også med oss vestkysten, som visstnok skal vere veldig "scenic". Og ja, det beste ved dette alternativet er altså prisen. For her kan vi få ein pakkepris med fly og leigebil for rundt 11000 kr per pers., for ein tur som varer rundt 17 dagar. Det blir naturlegvis litt ekstra til mat og overnatting, men det er ikkje så mykje, heller, dersom ein bur på sleazy motels ;-) Så eg får jobbe litt meir vidare med denne planen, så får vi sjå kva det blir til. Kanskje det finst andre og betre alternativ også. Nokon som har vore på road trip i USA, og som har tips, forresten?

Elles har eg sett Lincoln Lawyer og Four lions sidan sist. Det blir litt film når eg har besøk. Båe filmane er...ikkje dårlege. Men litt sånn problematiske, moralsk sett. Den sistenemnte er definitivt den mest interessante av dei to. Vel, ikkje alltid eg kan bestemme film heilt sjølv når eg ikkje ser åleine :-) Til slutt ein kjempefin song som kan høyrast her.


 

Friday, January 13, 2012

Kommentar på Fri Tanke

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å lese gjennom 1 Kor på bussen på veg til Oslo. Men det vart ikkje noko av det, for eg fekk eit tips om å respondere til ein artikkel på Fri Tanke (human-etisk forbunds side), som handla om debatten eg har vore med i. Så eg skreiv like gjerne ein responskommentar, og no skal det jo bli interessant å sjå om dei svarar.

Du kan lese artikkelen her.

Dersom nokon vil kome med innspel, så er dei velkomne til det, anten i kommentarfeltet der eller her. Berre hugs å vere sakleg og høfleg, så.

Elles er eg no framme i Oslo om fem minutt, der er Nobu og ventar, og vi skal ha oss noko god mat, bestemmer eg. Og kanskje chille med ein film eller noko.

Thursday, January 12, 2012

Så vart altså artikkelen min lagt ut (her). Ei interessant oppleving, må eg seie. Det var Silje og eg against the world. [Eg siktar altså her til det som gjekk føre seg i debattfeltet nedanfor.] Verkeleg ei spennande oppleving, må eg seie. Det tør seiast at dette er eit forsømt felt blant kristne. Og at vi har ein ung generasjon med folk som er sterkt prega av materialistisk-ateistisk røyndomsforståing. Og som ikkje har skruplar med å argumentere på måtar som åpenbart er tvilsomme eller også feilaktige. Jajaja. Sånn kan det også vere i kristne samanhengar. Og fleire av kommentarane var også nokonlunde fornuftige. No blir det spennande å sjå om vi får svar av Andersen. Då skal han også i så fall få respons, tenker eg.

I alle fall! Eg skal sitere Conor Cunningham bittelitt her: "In sum, the science versus religion trope is a conveniently contrived invention, not at all based in historical fact. Also, religion in one of the parents of science, just as it is the source of secularism. The modern-day creationists and fundamentalists are just that - modern - and like those who advocate Intelligent Design, they hold a heretical, heterodox understanding of God and Christianity, wittingly or not."

Ok. Dette forklarer kvifor "the game is given away" til vulgærateistane. Rett og slett fordi vi moderne kristne for ein stor del har forlatt ei bibelsk skaparforståing. I staden for å forstå Gud som ein oppretthaldar av skaparverket som heile vegen er nær det, som gjer verda til eit sakrament som han verkar gjennom, så har vi nok ein tendens som kristne i vår tid til å ende opp med ei nesten deistisk skaparforståing. Dermed meiner ein å finne Guds fotspor, ikkje i verda i seg sjølv med dens prosessar, men heller i noko anna, det irregulære, det som er "påvisbart designa" etc. Når slike argument fell til jorda, framstår også skaparforståinga som rimeleg tom. Det fylgjande sitatet er vel verdt å lese...nøye...og sakte...

"In short, so-called Intelligent Design is scientifically wrong because it's not science: science asks for more science, not for religion (or atheism). Yet the I-D movement does signal a significant cultural reaction to the hegemony of scientism and to the willful corruption of evolution by secularists. The problem with I-D is that it is itself guilty of scientism - it too presumes that science is the sole criterion of truth. So just like their (however distant) creationist cousins, they endeavor to turn biblical truth into science (something prohibited by the Fathers of the Christian church). For what else is the creationist's interpretation of Genesis than a secular, arguably atheist, worship of science? As Daryl Domning says, "Scientific creationists...have imbibed the modern spirit of rationality in their daily lives, and have ironically and mistakenly accepted that not even the Bible can be 'true' unless it passes muster as 'science'." (s. 278-279).




Så dat's dat. Veka har vore veldig travel, og gått i eitt. Så no er det berre nokre timar arbeid i morgon, med å planleggje gudsteneste og sende ut litt brev og sånn. Så ber det til Oslo for å chille, m. a. med besøk frå Nobu++. Kanskje spele litt Halo. Lese. Treffe vener. Sånn er livet inntil vidare.

















car/future/is/a/fantasy/wife/victim/rape/food/sexy/war/the/media/is/the/antichrist/bloody/kids/trash/mom/frenzy/fish/colour/nigger/everyone/is/a/racist/except/you/ABBA/beano/just/do/me/bomb/whore/ultimately/
japan/chaos/i/want/it/now/death/is/inevitable/superficiality is god/avoid conflict/ ignorance is bliss/cry more often/make friends/it's the real thing/consume later/do not accept what you cannot change/ change what you can not accept/remember what you dream/watch more tv/cancer/do you believe me?/you/are/a/victim/of/
your/parents/your/tv/your/environment/you/are/a/victim/of/your/self/faust/snot/kiss/milton'keynes/spasm/valve/ king/missile/tease/dump/alien/taxi/ orgasm/crude/nazi/bird/lager/is/this/all/we/get?/massive/bus/stop/
 bondage/hammer/futon/you'll/never/walk/alone/ghetto/baby/ secret/fear/secret/boom/urge/earth/junk/stop/
urge/to/survive/what/did/the/first/punk/rock/girl/wear/to/your/school/fear/a secret is something you tell one other person/ ciao/cola/ca/plain/pour/moi/je/ne/regret/rein/radioactive/glockenspeil/una/paloma/blanco/
jack/the/lad/ca/plain/fire/friendly/fire/friendly/fire/una/paloma/blanca/hell/cola/ca/plain/pour/moi/je/ne/regret/rein/ole/croissant/crepe/hole/work/is/the/blackmail/of/survival/ole/croissant/crepe/glockenspeil/donner/blitzen/bon/appetit/fatty/cum/i/want/it/now/death/is/ inevitable/i/want/it/now/gun/pussy/school/i/want/to/charge/it/debt/
doubt/hope/hype/fake/wear/it/debt/doubt/hope/hype/fake/wear/a/condom/tread softly/we/are/a/victim/
of/the/malaise/candy/napalm/flower/ attitude/hospital/panic/you/are/all/part/of/the/problem/beware of the bull/urge/i/love/you/urge/survive/soul/bear/disease/caviar/glib/instant/attack/shatter/illusion/nervous/peace/
suicide/damage/heaven/a/nervous/peace/damage/ignorance is piss/luxury/ignore/speed/indulge/
why/recycle/lust/love/boxer/left/right/solution/vote/who/cares/flag/survive/soul/country/disease/caviar/
hyprocrisy/be gentle with me/this is not a rehearsal/ talk to strangers/you/enjoy the surface/you/have/the/right/to/remain/silent/oohlala/let/me/hear/you/say/yeah/walk/don't walk/free/pizza/
free/market/free/gift/free/nelson mandela/free admission/ hello cruel world/pork/blind/ufo/bonk/cop/
violence/sex/god/die/junk/spit/brain/curse/bark/that's entertainment/freedom/slavery/riot/fascist/pig/ scratch/my
pleasure/weekend/mozart/bark/jesus wept/angel/cardboard/jelly/war/boy/drug/high/head/ache/nervous/
vous/voulez/six/sex/sox/sux/sax/666/999/emergency/zumhaus/go/trip/loop/word/becomes/flesh/bang/boom/
dust/dig/wow/paranoia/fuzz/greed/seed/feed/ walt disney/on ice/ambition bites the nails of success/believe everything/ watch more tv/i/love/you/tv/believe/lie/manipulation is art/you are not immune/ every artist
is a cannibal/arm the unemployed/celebrity is a job/ death is a career move/zooropa/us/fear/awkward/
mock the devil and he will flee from thee/si/oui/nein/rebellion is packaged/nobody/move/and/nobody/gets/hurt/
plutonium/pulse/deterrent/waste/proliferate/krypton/secret/warhead/fastbreeder/halflife/windscale/genetic/
electronwinter/dustbin/M.A.D./reprocess waste/contaminate/chill/mutant/Sellafield/religion is a club/reject your weakness/contradiction is balance/shalabalom/bruce/kevin/john/bits/monica/willie/carol/alice/
dave/26/mark/eamo/hubert/bronwen/ned/richard/davis/hugh/jeff/jay/michael/nueg/vasula/be/dig/wow/
paranoia/artist manipulation/fake/you/are/a/victim/of/zumhaus/thisisabust/idliketoteachtheworldtosing/
guiltisnotofgod/silence=death/rock&rollisentertainment/thepastisafantasy/pesticide/jean/de/florette/home/sweet/home/angel/candy/weekend/mozart/weekend/star/judge/joke/star/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/it'syourworldyoucanchangeit/

Wednesday, January 11, 2012

Eit innlegg

I dag har eg innlegg på trykk i Ap, i lag med teolog Silje Kv. Bj. Innlegget er ein respons på dette innlegget. Ok, her fylgjer innlegget i litt utvida versjon, deretter fylgjer nokre fleire refleksjonar.

Myten om det sekulære fortrinn Av Hallvard N. Jørgensen

[Ingress]
Espen Andersen, førsteamanuensis ved høyskolen BI, retter tankevekkende kritikk mot RLE-faget i en kronikk i Aftenposten den 8. januar. Hans løsningsforsøk er imidlertid basert på en misvisende tanke om at det finnes et rasjonelt overlegent ”sekulært, vitenskapelig standpunkt” på det etiske området.

RLE-fagets mange hensynAndersen begynner med å peke på at dagens ungdom opplever religiøse spørsmål som mer eller mindre irrelevante. Andersen mener at religioner bør utsettes for saklig kritikk, slik at man kan finne frem til fakta. Dette er fornuftige tanker som det er lett å ha sympati for. Man kan da også hevde at religioner og livssyn ikke tas på alvor, og ikke vises respekt, før man lærer å kjenne deres sannhetspåstander og oppfordres til å reflektere over gyldigheten av disse. RLE-faget åpner i noen grad opp for slik refleksjon fra et ”utenfraperspektiv.” Dette kommer sterkest inn på videregående nivå, der læreplanen sier at eleven skal ”utvikle teoretisk og praktisk kompetanse til å analysere og sammenligne religioner, livssyn og filosofiske retninger.”


Men et slikt mål står i spenning til andre hensyn som også er nødvendige i et flerkulturelt samfunn. Opplæringsloven understreker at faget skal ”bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.” Undervisningen skal være ”pluralistisk.” På videregående nivå understrekes det at ”Gjensidig toleranse på tvers av ulikheter i religion og livssyn er en forutsetning for fredelig sameksistens i et flerkulturelt og flerreligiøst samfunn.” Altså stilles RLE-læreren overfor en viktig og krevende oppgave når han skal forene de ulike målene og hensynene i faget. Men det å helt neglisjere sannhetsspørsmålet – eller verre: å fremstille alle religioner som like irrelevante – kan ikke være en akseptabel løsning på denne utfordringen.

Er sekulær etikkundervisning løsningen?Andersen skisserer sin egen løsning på spenningen i RLE-faget. Han vil gjøre religionsundervisningen til en del av historiefaget og utsette religion for saklig kildekritikk. Som nevnt gis det visse åpninger for dette allerede. Den andre delen av hans løsning er langt mer problematisk, både rent filosofisk og også med tanke på respekten for elevers livssyn. Andersen mener at etikkundervisningen i norsk skole bør ha et ikke-religiøst, sekulært, vitenskapelig utgangspunkt, og slik gi svar på ”Hvordan man skal oppføre seg og hvilke verdier bør man ha for å fungere innenfor og bidra til et liberalt demokrati.”


Problemet med dette er at et slikt ”sekulært utgangspunkt” på en eller annen måte må begrunnes, men hvordan? ”Det sekulære utgangspunkt” kan ikke bygge på naturvitenskap, for naturvitenskapen arbeider med en naturalistisk metodologi. Den tar i bruk visse metoder for å avdekke visse sider av virkeligheten. Etikk og moral er utenfor naturvitenskapens domene og kompetanseområde, altså kan ikke naturvitenskapen alene gi oss svarene på hva vi ”bør” gjøre. Det er videre god grunn til å understreke at menneskeverd, menneskeretter osv. ikke er sprunget ut av et sekulært jordsmonn. Filosofien Jürgen Habermas sier det på følgende måte:


”Kristendommen har ikke bare vært en forløper eller katalysator for den moderne tids normative selvforståelse. Idealet om universell likhet – som har gitt opphav til idealene om frihet og solidarisk samliv, om autonom livsførsel og frigjøring, om individuell moral basert på samvittigheten, menneskeretter og demokrati – er en direkte arv fra jødisk rettferdighetsetikk og kristen kjærlighetsetikk. Denne tenkningen har forblitt grunnleggende uforandret, og man har stadig på nytt utsatt den for kritisk prøving, akseptert den og nytolket den. Det finnes intet alternativ til dette i dag. Og i møte med de postnasjonale konstellasjoners aktuelle utfordringer lever vi ennå av denne tenkningen. Alt annet er postmoderne prat.” (”Zeit der Übergänge”, Suhrkamp, 2001, s. 174-175).

Altså: Habermas erkjenner det historiske faktum at de mest sentrale verdier vi holder høyt i vår tid – først og fremst menneskeverdet – er en historisk arv fra jødisk-kristen tenkning. Dette faktum gjelder enten vi snakker om den jødiske-kristne vekten på menneskets gudbilledlighet, Thomas Aquinas’ vekt på naturretten basert på klassisk filosofi, eller John Lockes begrunnelse av menneskeverdet med at alle mennesker er Guds eiendom.

Det er et åpent spørsmål om disse tankene fremdeles kan overleve over tid når de skilles fra det jordsmonnet de sprang ut av. I alle fall har det vist seg veldig vanskelig å gi en rasjonell og koherent begrunnelse for dem dersom man av en eller annen grunn går over til en materialistisk og mekanistisk metafysikk, og følgelig hevder at mennesket utelukkende er et produkt av meningsløse, evolusjonære mekanismer. Den sistnevnte virkelighetsforståelsen ligger ofte til grunn for et ”sekulært”, ikke-religiøst standpunkt, i det man definerer seg i motsetning til typer av metafysikk som samsvarer mer med jødisk-kristen virkelighetsforståelse.

Ingen grunn til å utelukke jødisk-kristen virkelighetsforståelseDet er ikke rom for å drøfte denne typisk moderne virkelighetsforståelsen i denne kronikken, men det er en samtale det er vel verdt å ta i andre fora. I alle tilfeller er det vanskelig å se noen god grunn til at jødisk-kristen virkelighetsforståelse bør nektes en plass ved bordet i norsk skoles etikkundervisning. En slik utelukkelse vil ikke være basert på en særskilt rasjonell begrunnelse, men heller på den politiske maktens grep overfor konkurrerende livssyn.
Ja, det var nokre refleksjonar. Hm. Andersen har ein ganske "eplekjekk" tone i kronikken. Han nemner også dei nye ateistane som "uuttalt realitet" i norsk røyndomsforståing, og hans omtale av religion som "eventyr" og som "irrelevante", samt hans ynskjer om å utsetje religion for kritikk, kan vitne om at han er inspirert av denne typen tenkning. Vel, for å seie det rett ut er det ein slags intellektuell katastrofe om Dawkins et. al. blir rådande opinion i Noreg. Ikkje berre fordi denne røyndomsforståinga er så grundig (og påviseleg) feilaktig og uinformert, men også fordi dette er ei røyndomsforståing som står i eit militant forhold til...tja...alt det vakre, gode, sanne, rette - ja, til og med i eit militant forhold til oss sjølve som personar, og vårt eige liv. Alle slike ting blir "inexplicable", og fylgjeleg "illusjonar" ved ein konsekvent materialisme.

Vel, kva er no eigentleg materialisme? Denne retninga oppstod (i moderne tid) på 16-1700-talet, då ein hadde heilt andre idear om kva materie eigentleg er. Men no har fysikken bevega seg vidare, og det har også vår forståing av materie. Vi opererer ikkje lengre med "små, udelelege bitar som kolliderer med kvarandre", men heller med "energiar". Ja, kort sagt anar vi ikkje kva materie er, og kven veit kva morgondagens fysikk vil finne ut? For det andre opererer ikkje nyare fysikk med ei lukka, intra-kausal, deterministisk røyndomsforståing. Kort sagt: Den som vil hevde at "det materielle er alt som eksisterer", er involvert i ganske heftig spekulasjon, basert på meir eller mindre rein ignoranse. For som sagt: Fysikarane veit ikkje kva materie er, dei veit heller ikkje kva den ytste røyndomen er, og dei har ikkje grunn til å tru at vi lever i ein lukka røyndom. Kvifor skal ein då tru på materialismen? Jaja, det finst også mange andre argument mot materialisme som ontologisk alternativ.

For øvrig er det også interessant å tenke på korleis Andersen vil ynskje at vitskapen skal informere etikken. I kronikken hoppar eg rett til "naturvitskapen", for Dawkins et al står i regelen for ulike typar av reduktiv materialisme, og då er det fysikk og naturvitskap som gjeld. Kanskje lever Andersen i trua på at opplysningstidsprosjektet om å finne "universelle, moralske fornuftssanningar" er vellukka. Men dei fleste filosofar i dag vil nok ikkje seie det. Kants prosjekt har møtt sterk, og så langt eg kan sjå, velgrunna kritikk. I postmoderniteten er det ei slags allmenn erkjenning om at det moralske opplysningsprosjektet har stranda. Det Kant omtala som "universell fornuft" viste seg (arguably...) å vere langt sterkare prega av hans pietistiske, liberalprotestantiske bakgrunn enn han sjølv tenkte.

Med den metafysikken som moderne ateistar held seg med, er det neppe mogleg å lage å presentere ein rasjonell moral som spring naturleg ut av røyndomsforståinga. Ein kan naturlegvis halde seg til ein slags "social contract", då, som at "You rub my back, I rub yours". Men dette kan kanskje strengt teke ikkje omtalast som moral, men heller som eit slags pragmatisk system for å halde samfunnet gåande. Ting er ikkje "vondt eller godt" ut frå denne modellen. Modellen fortel oss ikkje om ting ein "bør" gjere, men heller om ting som samfunnet ved felles tilslutning handhevar for å unngå kaos.

I alle fall er det vanskeleg å sjå for seg at ein skal kunne omtale ein moral som "rasjonell", "vitskapleg" etc. dersom han til sjuande og sist berre er basert på eit personleg val a la: "Eg anar ikkje korleis eg skal grunngje dette, og mi røyndomsforståing legg ikkje opp til at eg bør handle på denne måten. Men eg veljer det." Ut frå Dawkins scientisme, er det (arguably) dette valet ein står attende med. Moral er ein illusjon, for naturvitskapen kan ikkje seie noko om kva vi "bør" gjere, og alt anna enn naturvitskap er "stamp collecting". (Dette er altså den naive scientismen).

Men ja. Eg veit altså ikkje korleis Andersen her ville resonnert. Kunne eigentleg vore spennande å vite.

Uansett. Det er jo interessant å sjå korleis Dawkins et al har så sterk innflytelse på akademia i Noreg. Eg tenker kort sagt: Her har vi som kristne (eller også berre som allmenne filosofar) betre argument å slå i bordet med. Argumenta er der. Sjå til dømes Bas van Fraassens "The empirical stance." Alt som krevst er at nokon set seg inn i dei, og legg dei fram i det offentlege rom.




Jajaja. No er det straks på tide å køye. Det har vore ein lang og innhaldsrik dag i dag. Eg har vore på tenestekonferanse med resten av prestane i V-T. Vi skal reise på studiereise i lag også. Kanskje til utlandet? Det vart tala om London eller Roma. Det hadde jo vore konge. I London er det store museum med masse tøffe artifacts frå antikken. Eg har aldri vore der heller, men kunne tenkt meg å reise ditt, spes. sidan det ikkje er så langt dit. I Roma er det eit hav av interessant historie. Eg har litt meir interesse for det no enn førre gong eg var der. Så der er det også nok å ta av. Vi får sjå kva det blir til.

Elles har vi hatt konfirmanttimar i dag. Det gjekk veldig fint, og eg var veldig letta. Takk til kvitsundleiarane som er med og hjelper til. Dei er positive og flinke. I dag hadde vi om sakramenta. Konfirmantane fekk smake på nattverdsbrød, og så dramatiserte vi dåpsgudsteneste. Det var stas, det. Eg har trua på at konfirmantane skal få prøve seg litt, praktisere ting, få vere med etc. Då er det litt lettare for å dei å bryte grenser seinare. No blir det skikkeleg planleggjingsarbeid i morgon og overimorgon, og så ber det attende til Oslo for å chille og lese.

Forresten, når vi er i gang med irrelevante fakta, så har eg fått låne "Fast 5" på lokalbiblioteket. Eg anar ikkje kva eg har i vente der, dvs. om eg kjem til å like filmen eller ikkje. Så det kan bli spennande.

Så eg googla for å finne den youtubevideoen som har høgast percentage av "likes." Eg kom fram til denne:






Så ein liten personleg, fenomenologisk refleksjon sidan eg ikkje berre tenker fag og bøker heile tida. Det er rart. Scruton skreiv i ein artikkel (Modern Manhood) om dette med korleis kvinna på sett og vis representerer det "mysteriøse", og at det er dette som er attraktivt ved henne. For min del er noko av det ein kan oppleve mest tilfredsstillande i ein kjønnsdifferensiert relasjon å bli møtt - ikkje berre ved å bli vist merksemd, brukt tid på, vist omtanke, vist omsorg, vist tolmod, vist respekt etc. (alt dette er for øvrig også eit sine qua non) - men å bli forstått når ein ytrar noko, og å få djup og "reasoned feedback" som ein ikkje kan føreseie på førehand. Det handlar om å kunne slenge ut noko utan å måtte bekymre seg for å..."akkomodere" det til eit anna nivå enn akkurat det eg tenker. Slik interaksjon kan ha potensiale til å gje ei kjensle ulikt det meste, ei kjensle som verkar litt som ein "drug", ein heroindose, på ein måte. Og det kan vere høgst utviklande med slike samtalar. "Der Mensch wird am du zum ich". Motsett er det kjenslemessig "flatt" i samtalar der ein ikkje blir forstått. Men. Kanskje mysteriet eigentleg kan bli "funne ut"? Conor Cunningham har nokre veldig artige refleksjonar om dette i boka si. Kanskje eg skal slenge dei ut? Om nokon er interesserte. Dei er ikkje for the faint of heart, men.


Gooooooooooooood natt.