Saturday, June 22, 2013

5 s i treein, Matt 18,12-18

[Her fylgjer preika mi for i morgon, for interesserte. Ein...interessant tekst denne sundagen. Som de vil sjå, freistar eg å reflektere litt over dette i preika også. Eit anna poeng er at denne teksten opererer med "embetsteologi", dvs. binde- og løysemakt. Dette er veldig fjernt for den tradisjonen eg kjem frå. Uansett, here goes.]


Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
15 Syndar bror din *mot deg•, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. 16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. 17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.


Den norske kyrkje er ei folkekyrkje, seiast det i Grunnlova. Det høyrast litt betre ut med folkekyrkje enn med statskyrkje, må eg innrømme. Men kva tyder det at vi er ei folkekyrkje, kva ligg i dette omgrepet? Kanskje fyrst og fremst to ting: Den norske kyrkja skal vere til stades for nordmenn over heile landet, i kvar kommune og kvart sokn. Det skal ikkje vere slik at du kan flytte til ein kommune i Noreg der det ikkje finst prest og ikkje blir halde gudstenester. Ja, sjølv dersom ein flyttar utanlands, vil Den norske kyrkja vere til stades, med dei såkalla Sjømannskyrkjene.

For det andre: Kyrkja skal tilby sin medlemer dei grunnleggjande kyrkjelege handlingar som er knytt til livets store hendingar. Dåp ved fødsel av nytt barn; konfirmasjon ved overgangen til å bli vaksen; bryllaup ved stifting av familie; gravferd ved død. Alt dette er fine og gode ideal; kyrkja skal vere til stades for alle som ynskjer det, og vere djupt involvert i menneskelivet frå vogge til grav. Som folkekyrkjeprest lærer ein å verkeleg setje pris på nettopp desse sidene ved folkekyrkja. Den norske kyrkja har verkeleg vore til enorm velsigning for menneske i vårt land. Og dei fleste medlemer i kyrkja set pris meir eller mindre pris på å vere ein del av ho.



Men så har vi altså dagens preiketekst, som – for å vere ærleg – står i ei ganske sterk spenning til folkekyrkjerøyndomen. Det er ei ganske skjerpande øving for ein folkekyrkjeprest å forkynne over ein slik tekst. For eg ser at dei ideala og retningslinene som denne teksten set fram, dei er det ikkje berre enkelt å etterleve i ei folkekyrkje. Den norske folkekyrkja i vår tid rosar seg av å vere open og inkluderande; men i teksten talast det om grenser for kyrkja, om å vere anten utanfor eller innanfor kyrkjelyden. Den norske folkekyrkja er ikkje alltid så tydeleg på moralske formaningar; men i teksten talast det om å irettesetje ein bror som syndar. I Den norske folkekyrkja er det lett å få inntrykket av at det held å vere medlem og å vere døypt, og så er alt greitt; men i teksten talast det om at det går an å bli ein bortkomen sau som må leitast opp att av hyrdingen eller andre i flokken.

Altså; her er det spenningar som vi ikkje så let slepp unna. Men eg vil prøve å reflektere litt over dette, og kanskje kan vi saman gå eit steg i rett retning om korleis vi bør tenke om desse tinga. Det fyrste eg då har lyst til å peike på, er at den problemstillinga som eg talar om her, ikkje noko nytt i kyrkjehistoria. Gjennom heile kyrkjehistoria har det vore menneske som har følt på den spenninga eg talar om. Ein har hatt såkalla reformrørsler. På 3-400-talet oppstod dei såkalla munkerørslene, som bestod av sterke og djupt truande menneske. Dei opplevde at kyrkja hadde blitt for slapp og ettergjevande og useriøs etter at ho gjekk i allianse med romarriket. Munkane bestemte seg for å flytte ut i ørkenen for seg sjølv, for å vere i bøn og meditasjon og for verkeleg å ta trua på alvor.

Hoppar vi til 1500-talet, finn vi at Martin Luther retta ein liknande kritikk mot kyrkja i hans tid. Ein tok ikkje den kristne læra på stort nok alvor i kyrkja, meinte han. Og det tyske folket var blitt likegyldige overfor Guds ord. Difor skreiv Luther si katekisme, som ligg til grunn for Den norske kyrkjas lære. På 1800-talet, i Danmark, levde, filosofen og teologen Søren Kierkegaard. Han presenterte flammande kritikk av besteborgarleg kristendom, av dei som tenkte at kristendom berre var sed og skikk og kultur. Det kostar å vere kristen, sa Kierkegaard. Ein må ta eit personleg val om å ta opp krossen og fornekte seg sjølv.



Slike som Luther og Kierkegaard minner oss om ikkje å vere likesæle i trua vår. Ja, den kristne trua er ein bodskap om glede og tryggleik og fred og nåde – men det er også ein bodskap om kamp og alvor. Det er også det vi minnast om i dagens preiketekst. Vi kallast til å leve ekte og heilage liv som truande. Og samstundes ligg det ein streng og dirrar under det Jesus seier. Vi skal alle fram for den rettferdige domaren og gjere rekneskap for han. Det er viktig at Jesu kyrkje tek dette på alvor, og formanar til å ta oppgjer med det som er vondt.

Slik ser vi at apostelen Paulus i galatarbrevet åtvarer mot det han kallar kjøtets gjerningar. Dei tilsvarar det den seinare kyrkja omtala som dei sju dødssynder: Begjær, fråtseri, grådighet, latskap, vreide, misunning, hovmod. Det er viktig å understreke at ingen av oss kan unngå heilt å falle i synder som dette. Ingen av oss er fullkomne, vi er ikkje englar, så å seie. Men Paulus og den seinare kyrkja åtvarer mot å innrette livet sitt på denne måten – å over tid gå medvite imot Guds vilje, utan å angre på det. Det er dette Paulus omtalar som å ”fullføre kjøtets gjerningar.” Og då seier han til galatarane, med ei alvorleg formaning: ”Far ikkje vill. Gud let seg ikkje spotte. Det eit menneske sår, skal det også hauste. Dersom ein sår i kjøtet på denne måten, då skal ein også hauste forderving og dom.”

Det er difor det er om å gjere å ta gudstrua på alvor. Jesus brukar eit bilete. Han seier: Ein sau har det trygt og godt i flokken i lag med andre sauer, under den gode hyrdens varetekt. Men det går an for ein sau å forville seg bort frå flokken og frå hyrden, og gå seg vill for seg sjølv i eit farleg terreng. Då går hyrden ut i fjellet og i øydemarka for å leite etter den eine, og kalle han attende til flokken. Ein slik omsorga som hyrden har for sine får, må også flokken ha for kvarandre. Som Paulus seier: ”Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista. Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.”

I preiketeksten held Jesus fram med å gje retningsliner for korleis ein skal irettesetje ein bror som syndar. Ein skal fyrst gå til personen på tomannshand og tale med han om synda. Dersom personen ikkje omvender seg, skal ein ta med nokre sysken til. Deretter skal ein bringe personen inn for heile kyrkjelyden. I verste fall kan personen bli halden som ein tollar og heidning. Det er dette ein tradisjonelt har omtala som kyrkjetukt, eller kyrkjelege disiplinærsaker.

Den gamle misjonshøvdingen Fredrik Wisløff understrekar ein stad at ein skal tenke seg om veldig godt, og be mykje til Gud, og nok også diskutere det med ein annan mogen truande, før ein vågar å gå til det steg å irettesetje ein kristen bror eller syster som ikkje er på rett veg. Kanskje er det nokon som treng å få ei formaning til å leve rett. Det kan hende. Men ein må vere klar over at slike formaningar også kan gjere stor skade, dersom ein ikkje opptrer med visdom og kjærleik og mildskap. I alle fall er det nok lurt å reflektere over kva det er som er poenget med det Jesus seier her. Det handlar om å ikkje ta lett på særleg alvorlege synder, og at ein har omsorg for sine truande sysken.

---

Vi lever i ei folkekyrkje her i Noreg, ei folkekyrkje som har som mål å favne alle sine medlemer – 80 prosent av det norske folk. Det er eit godt og rett og kristeleg mål å ha. Samstundes er dette spenningsfullt, for som kyrkje er vi også kalla til å leve som truande og heilage, i lydnad mot Jesus. Og vi er kalla til å seie at noko er rett og noko er gale, noko er sant og noko er usant, og at Gud vil kalle alle menneske til rekneskap.

Det er ikkje noko enkel løysing på denne spenninga. Eg trur det er rett å seie at ho alltid vil vere til stades i den kristne kyrkja, så lenge ho eksisterer her på jorda. Ho er ein del av kyrkjas vesen i denne tidsalderen. Men på denne sundagen i kyrkjeåret minnast vi om å halde fast ved trua vår, om å halde fram med å kjempe den gode striden, om å halde fast ved det nære kyrkjelege trusfellesskapet, og om å fornye vår etterfylgjing av Jesus som vår Herre og frelsar.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

No comments: