Monday, February 3, 2014

Etc



- Eg var på skitur i dag. Veldig fint. Eg traff nokre damer frå Vrådal. Veldig hyggelege. Dei fortalte at det er bygd gapahuk oppe på fjellet, til allmenn bruk. Den har eg lyst til å bruke. Kan bli veldig triveleg. Til våren, tenker eg.

- Eg tenker ein del på dette. Korleis eg som kristen har...hm...vore mykje i veldig "internt" kristelege miljø (tenk NLM). Det er veldig sunt (ein får tydeleg kristen identitet), men det har også sine baksider (ein god del av dei også). Eg tenker stundom over at det, hm, kanskje ville vere sunt for meg å oppholde meg litt meir i andre miljø. Det kan byggje ned barrierer, gje nyttig livserfaring, og meir tryggleik på andre menneske. Eg saknar dette, på sett og vis. Skaperkraft er eit slikt godt miljø, for øvrig.

Men dette er noko som også må gå steg for steg, dvs. ein må ha ein identitet (reint, hm, rasjonelt, liksom) som "opnar opp for" dette. Eg tenkte på det då eg var i Oxford i sumar. Det var kjempestas. Eg traff mange hyggelege folk, frå masse ulike samanhengar. Eg høyrde masse interessante tankar i foredraga. Eg hadde mange spennande diskusjonar. Men hadde det vore fem år tidlegare, ville eg ha kjent mykje av det som "truslar," på ein måte, eller i det minste som at "her høyrer eg ikkje heime." Eg tenkte på det. Eg tenker på det. Så kognitiv utvikling går hand i hand med sosial utvikling, om de skjønar kva eg meiner. Det er ein viktig grunn til at eg kunne trengt å setje meg skikkeleg godt inn i moderne ateisme, og delta på human-etiske tilstelningar og sånn.

- Av og til, i alle fall før, har eg vakna opp midt på natta. ...og det kan kjennest som ting er litt håplaust. Som om eg ikkje kjem til å lukkast i livet. Med å finne ektefelle og stifte familie. Med å få meg ein doktorgrad. Med å få meg ein tilfredsstillande jobb. Eg kjenner meg nesten litt paralysert, eller noko bekymra. Så vaknar eg opp på morgonen, og ting er mykje betre. Eg har nytt livsmot, og kan nesten ikkje forstå kva som "gjekk av meg" då eg låg på natta og tenkte.

- Wisløff vart ein gong spurt: Kva skal eg gjere for å få meir frimod til å vitne om Jesus? Han svara: "Bruk det frimodet du allereie har, og så vil ting steg for steg bli betre." Eg ville kanskje ikkje nett ha svara slik. Eg ville lagt meir vekt på å kome inn i ein større kyrkjeleg samanheng, der det er levande kristenliv og sunn og seriøs og gjennomtenkt teologi. Men grunnerfaringen er eg veldig med på. Ein får ta steg for steg, og når ein har teke eit steg, er ein ikkje nett den same som før. Ein må nytte høvet, liksom.

- Eg såg Bin Jip. Likte han ikkje. Eg såg The Island. Hadde gløymt kor mykje finesse Michael Bay manglar i filmane sine. Det er underhaldande, og spennande action. Men manglar djubde og realisme (nesten "laughably so". Ja, på ein underhaldande måte :-) ). Samstundes er bodskapen i The Island veldig fin, nesten modig. Eg undrast på korleis bodskapen vil oppfattast om eit tiår.

- Når eg les bøker, "konsumerer" eg. Eg les ein gong, og dersom det er viktige bøker, to. For å lære, og så gå vidare til å lære noko nytt. "Learning the facts." Som om det å lære mest mogleg om verda er "fact-gathering." Og som om det er rimeleg greitt å setje det heile saman til eit stort bilete, berre ein får tinkra litt med grensene mellom fagfelta.

Wittgenstein lærte meg noko om at også fagbøker stundom må lesast meditativt, stille, sakte. Det har også noko å gjere med sjølve skrivestilen hans. Men det har også noko å gjere med å få djup forståing. Eg har endra noko oppfatning her. Når ein les ei bok, får ein verkeleg ein del "facts". Men ting er aldri så enkelt, liksom. Fakta har vorte "tolka". Dei presenterer eitt perspektiv, av mange moglege. Det kan vere feilforståingar der. Datamateriale kan sjåast frå ein heil haug med synsvinklar. Ein kan stille ei stor mengd med ulike spørsmål til det same datamaterialet, og sjå røyndomen med litt nye auga. Ein må undersøke logisk struktur i det som seiast; kva premiss er det som gjeld, og er slutningane gyldige? Dersom det brukast induktive argument, manglar det i så fall avgjerande premiss? Er det motargument som utelatast og ikkje behandlast?

Mange av problema blir borte, eller i det minste minska, dersom forfattaren kjenner sitt felt godt, og dersom han kjenner "the canons of logic", og har ein gjennomsiktig metode. Men ei bok er berre ei bok. Ein kan gå djupare, og djupare, og "question everything." Eg freistar ikkje å seie at relativisme er rett her. Eg trur ein kan kome nærare sanninga ved å kjenne datamateriale, respektere proposisjonell logikk o. l. Og det blir eit system, og det vil ein alltid ende opp med når ein freistar å ytre seg om noko som helst (ein proposisjon er ei utsegn som hevdar noko som er sant, og ein kan analysere denne logisk. Ramlar logikken, ramlar alt, liksom). Men, hm. Verda er også alltid meir. Og Gud er også alltid meir. Ein må byggje system, men systemet blir aldri fullkoment, aldri "lukka". Jfr. poesi eller liturgi, som "opnar opp" røyndomen ved hjelp av språket, og peikar ut mot ei verd som sprenger vårt vitskaplege språk, våre teologiske system. Eller jamfør måten ein kan bruke kropp, andlet, tonefall, gestar, symbolikk, rituale for å seie noko sant om røyndomen (NT Wright tek opp tråden frå EP Sanders, som med rette klagar over at symbolhandlingane hjå Jesus ikkje har vorte teke godt nok omsyn til i Jesus-forskinga. Dei kan seie meir enn "1000 ord". Eller i det minste kan ord og symbol gjensidig tolke kvarandre.)

Eg må arbeide meir med logikk, altså. Mitt einaste B-fag i filosofi :) :) Jaja, øving gjer meister, tenker eg. Om eg no berre hadde hatt meir tid til å studere...


6 comments:

Lars said...

Eg kjenner att det med å få negative tankar om natta. Når sola stig opp sprekk trollet :-)

Tenk på Sakarias sin lovsong om soloppgongen som skal gjesta oss.

Hallvard N. Jørgensen said...

Ja, det var nokre fine assosiasjonar.

Ingar T. Hauge said...

Vil du ha mer kontakt med ikke-kristne miljø? Få deg en "verdslig" hobby eller to. Gaming og tegneserier gir deg god kontaktflate med folk fra alle slags intellektuelle og kulturelle lag, det kan jeg skrive under på ;-)

Hallvard N. Jørgensen said...

God idé! Det finst DNT-turgrupper også. Har tenkt på det.

Ingar T. Hauge said...

DNT burde være ideelt for deg, ikke minst oppe i Telemark. Get going (bokstavlig talt)!

Hallvard N. Jørgensen said...

Ja, trur DNT kan vere fint. Det finst også "Tråkk" og Krik for kristne. Trur i det heile det er bra for meg å treffe nye folk ;) I Vest-Telemark står imidlertid ikkje DNT så sterkt, men vi har lokale turlag. Håpar å få med meg noko av det.