Sunday, July 16, 2017

Eg stod opp og jogga ein runde i området. Hoppegarten heiter det. Det er heilt i utkanten av Berlin. Masse ganske like bustader som ligg tett i tett, med veldig få opne områder og parkar. Store områder som er slik. Huh, ikkje så triveleg. Men det var godt å ut og jogge.

Så reiste vi til t-banen. Vi hadde avtala å reise på biketour på Alexanderplatz kl. 11. Vi hadde grei tid. Vi gjekk til billett-automaten. Den aksepterte ikkje VISA. Vi gjekk til minibanken borti gata. Den aksepterte ikkje VISA. Vi gjekk til lokale cafear og kioskar. Dei hadde ikkje bankterminalar. Ja. Det seier litt, kan du seie. Vi sneik på t-banen til ein stasjon der det var ein meir seriøs minibank.

Vi rakk godt biketouren. Masse folk. Flest foreldre og tenåringsborn. Nokre på vår alder også. Guiden var ein, vel, hm, flamboyant type frå NY. Han var chill og kunne mykje. Vi sykla rundt og såg på sentrale historiske ting. Mykje handla om nazismen og kommunismen. Reichstag, Berliner Dom, Berlinmuren, Holocaust Memorial osv. osv. Veldig fint å ture rundt sånn og få overblikk over byen.

Etterpå reiste vi på Haägen Dasz og verkeleg "indulged". Eg fekk meg karamell og pekan is, med belgisk mørk sjokolade og crispy snacks-kuler på toppen. Og macadamia-kake. Herleg godt, men dette kan eg verkeleg ikkje ete ofte :-S Disiplinen kjem attende når denne ferien er over, for å seie det slik. Men ja. Det var GODT.

Vi reiste vidare til Classic Remise, ein stor hall med masse sportsbilar. Gratis inngang, artig å sjå, mest for Kjetil og Thomas. Så var det noko falafel og salat og heimover medan eg las litt Buddha-historie.

Så dette: Eg må seie at eg likar ein god del betre å vere i Polen enn i Berlin. Kvifor? HM. Eg likar det faktisk ein god del betre. Då vi reiste frå Wroclaw, sa eg: "Her kunne vi godt ha vore meir!" I morgon reiser vi frå Berlin. Det er ok! Kvifor?

Vel, hm. Polen er eit meir tradisjonelt samfunn, på mange vis. Meir tradisjonelle kjønnsroller (sjølv om damene også er høgt utdanna og smarte). Meir tradisjonell mat, som er langt sunnare og betre smakande! I Berlin er det søte bakarvarer overalt. I Polen er det mykje grønsaker og kjøt og buffetar, og prisane er supre. Og i Berlin er det feite folk overalt! Verkeleg tankevekkande.

Berlin er så mykje meir vestleg, med tanke på liberalisme, diett, reklame, livsstil. Det er mykje ved dette eg ikkje likar så godt, må eg seie. Det er meir framandgjerande, på ein del vis. Meir upersonleg. Meir stressande.

Det er også ein personleg komponent her. I Polen kjenner eg meg meir...vellukka, eller akseptert, på ein måte. Det er ikkje så mykje stress med fasade. Og samfunnet er ikkje så krevjande og konkurranseorientert, på mange vis. Vel! Berlin er også ein veldig kulturelt rik by, med masse spennande som skjer. Men, ja. JAJA!

I morgon blir det Kiel-ferja heim. Over og ut for denne gong.

No comments: