Sunday, August 13, 2017

Sårbar

Hadde fin ferie i Krakow. Siste dagen skeia eg ut. Det var schnitzel-night på ein fin restaurant. Ein italiensk ven ville gjerne dele ein tallerken med meg. Då den kom, såg eg at det var jo masse brødkorn rundt den. Og masse pomfri. Og det var seint på kvelden også.

Masse brot på helsedietten min. Eg tenkte, "what the heck, eg prøvar, og ser korleis det går." Og etterpå ut på byen og drikke litt. (Nok eit brot). Og så på vegen heim var eg trøytt og åt ganske mykje dadlar, mandlar og sånt, på turen.

Eg måtte betale etterpå. Helsa og overskotete går ein del nedover, sjølv om det ikkje er så ille som før. Det er mykje feitt - seint på kvelden - som er hovudproblemet, trur eg. Kanskje også for mykje gluten.

Forferdelig frustrerande, det med helsa. Det er kronisk infeksjon som er i djupet av det. NBNBNB --> Primært "in the gut".  Leddproblema mine er ikkje så merkbare lenger, sjølv om dei er der. Det er heller fatigue, mage-issues og merkbar low-grade infection. Så, kronisk low-grade inflammasjon som påverkar humøret mitt. Overskotet er aldri slik eg vil ha det.

Det er ingen problem å ha slikt dersom ein veit at ting vil bli betre på sikt, og at ein vil bli kvitt det. Det er verre dersom ein ikkje kan vite det, og må ha ein "constant uphill battle" resten av livet. Men ting har, over tid, blitt betre, det siste året. Sjølv om det tek tid.

Helsevesenet er ingen inspirasjon her, men eg skal ikkje rante meir om dei. Nokre tungvektarar seier: "Det finst inga permanent løysing, berre symptomhandtering." Andre tungvektarar seier: "Dette kan kurerast." Og eg veit ikkje kven som har rett. Dvs. Jo. Eg trur det kan kurerast. (Dvs. infeksjonen kan nedkjempast, sjølv om infeksjonar blir verande i kroppen inntil vi døyr.) Men. Ja. Vegen dit, ass.

VEL! Eg gjer det eg kan. Eg må berre vere stringent og lydig mot kroppen min, og ikkje fuske i særleg grad, og så vere in it for the long haul. [+ at eg skal tene meg opp pengar og så kontakte private klinikkar]. Det påverkar heile livet mitt, og eg kan ikkje gjere det annleis. Kroppen min bestemmer no, ikkje eg. HEI. Kroppen min er "eg" (også). Kroppen min formar "eg" no.

[Interessant å tenke på at når eg møter folk, så...møter av og til folk som er skikkeleg snufsete, dårlege, har influensa etc. Slikt har faktisk ikkje i det heile skjedd med meg det siste året. Så noko bra er det med helsa].

Det er på ein måte ei spennande reise også. Terapeuten min seier: "Det er bra at ting tek tid. Livsendringane dine blir djupe og gode." Som T Robbins seier: "There's time. Just don't fuck it up." Neida, eg skal ikkje det.

Vener og familie er altavgjerande i å halde motet oppe. Det er også visdom i det. Eg har vore åleine og sjølvstendig og lukka folk ute. Når ein lukkar folk inn, blir ein også "i gjeld" til dei. Og...ein blir sårbar og avhengig. Men dette er gåveutveksling. Det er i hjarta av evangeliet, om vi no skal bli litt fromme. Det er i hjarta av kva naturen og livet og spiritualitet dreier seg om.

Eg har mange planar og tankar. Men kanskje kroppen min (den er veldig intelligent, eg meiner det) ikkje er med på dei. Akademisk forskning, primært. JAJA! Eg har løyst mange livsgåter allereie. Kanskje eg skal løyse nokre fleire no, som ikkje vil gje publiseringspoeng.

Det vanskelegaste er målet om kjærleik og familie. Det er berre sånn. Det er på mange vis mitt primære mål. Men der har eg faktisk ikkje så mykje tid som eg skulle ynskje. JA!!! Eg må vere vis. Gjere rette og gode val. "Du och jag, kropp, du och jag." Ja - eigentleg handlar dette om å leve i einskap med universet og naturen som heilskap. Harmoni, balanse, flow, prosess.

HMM!

Javel.

Ein skreiv at eg er sjølvoppteken. KAnskje eg er det, i alle fall her på bloggen. Eg er nok det. Men eg lyttar også til andre når eg møter dei. Freistar å opne meg opp.


2 comments:

Anne Margrethe Lund said...

Ung mann søker kjærligheten.
Jeg tror jeg kan si såpass at helseproblemene dine og dietten din er ikke noe som hindrer et forhold. En god kvinne vil heller være med som en del av løsningen for det.
Min bror sa en gang: “Det er kvinnen som starter det – med sitt blikk”. Kanskje det. Jeg vet ikke om han har rett eller ei. Utfordringen er fortsatt å bli sett, da.
Du har sikkert opplevd det mange ganger – men ikke gjort noe mer med det. Kanskje var det ikke din type. Hva er nå din type? Jeg kunne jo tenke meg at det kunne være en yngre versjon av meg! Det ville være ypperlig. Utdannet. Optimist. Tradisjonelle rollemønster. Egne meninger. Masse godt humør. (Blondie som blingser, med dobbelthake og dumbo–ører. Ha, ha – utseendet kan da med fordel variere!). Eller en som lignet mye på din egen mor… men passende alder. Hm. Passende alder, ja – hvor vidt går spennet?

Hallvard N. Jørgensen said...

Hehe, hoho. Ja, kva skal eg seie. Takk for innspelet, du er nok inne på mykje visdom her. Men eg kan ikkje nett kommentere dette :-S :-S :-S