Thursday, September 14, 2017

Godleik finst overalt for den som har auga til å sjå. Kanskje ikkje platonsk godleik. Men "good enough" godleik, menneskeleg godleik. Ja. Kanskje platonske glimt av Godleik i det. Eg veit ikkje.

Det er rart. Når nokon gjev ein kompliment, eller spør: "Korleis går det?", eller legg handa på skuldra di. Så er det godleik. Eg har stengt meg sjølv for dette i mange, mange år. Fordi det har vore for sårbart, og eg har ikkje gjenkjent det. Kristen tradisjon har ein lei tendens til å snu opp-ned på omgrep (jfr. Cohen, Mind of the Bible-believer), ikkje alltid på gunstig vis. "Fridom er å vere bunde", "Godleik er å gjere det Gud byd, uansett kva". Dette skjer naturlegvis ikkje i heile Bibelen, men i strands.

Uansett. Det er litt det same som det å spørje nokon: "Kan du lese gjennom teksten min og gje meg ei tilbakemelding?" Eg har hatt enorme tersklar for slikt, fordi det blir for sårbart, fordi eg har tenkt for perfeksjonistisk. Kritikk blir veldig vondt, på den måten. "Kritikk". Ja, tilbakemelding, whatnot. Menneskeleg, ærleg kontakt. Når ein er sterkare, og dr*t meir i ting, så blir det lettare å ta imot tilbakemeldingar. Min person blir ikkje lenger så individualisert, så atomisk. A-tomos. Betyr: U-deleleg, umogleg å kutte opp. Men når ein opnar seg opp, så flyt personen ut mot andre menneske, og andre får flyte inn i deg. På ein måte.

Den dagen eg byrjar å skrive eigne songar, har eg kome langt, har eg tenkt. At eg ikkje berre etterliknar andre og skjuler meg bak andre. Eg song Bjørn Eidsvåg. Eg song med skarre-r. Då eg var 30. Her om dagen spela eg på bygdetunet. Eg song BE som oppvarming. Eg song med skarre-r. Det kjentest unaturleg. Det var jo ikkje nett meg, meir som, vel, skodespel, etterlikning. Jeje.

No comments: